Slik er prosessen med å utvikle nye nettsider i Squarespace
Vi har ein velprøvd og gjennomarbeidd prosess for å skape nye, effektive nettsider:
Prosessen
01. Kartlegging, analyse og briefmøte
Vi analyserar konkurransesituasjonen, kartlegg målgruppene og deira brukarbehov. For å skaffe oss innsikt, bruker vi ulike verktøy som t.d. SE Ranking. Her kan vi mellom anna kartlegge korleis eksisterande nettside ligg an i kategorien og mot konkurrentar.
I denne fasen har vi det innIeiande briefmøtet på Teams. Vi blir enige om målsetting (KPI - key performance indicators), målgrupper og deira brukarbehov.
02. Opplasting av element
Etter møtet vil du motta ein e-post med adresse til opplasting av element som logo, foto, ny tekst og evt. video. Desse må lastast opp før vi kan starte steg 3. Har du ingen logo, hjelper vi deg gjerne med utvikling av visuell identitet. Vi blir enige i briefmøtet om kva samhandlingsverktøy vi tek i bruk (Teamwork, Dropbox, Teams, Slack, e-post eller andre verktøy du er fortruleg med).
03. Webdesign og utvikling
Basert på analysen og briefmøtet, legg vi fram eit designkonsept for å oppnå dine strategiske forretningsmål. Vi designer direkte i Squarespace, og sparar dermed fordyrande omvegar om Figma eller liknande verktøy. Vi er opptekne av at webdesignet er enkelt og brukarvennleg, med fokus på mobil.
Du får designet til godkjenning, og vi jobber saman om eventuelle justeringar. Du vil få tilsendt ein link der du kan følgje framdrift på nettsida.
I denne fasen vil vi også skape dei designelementa du treng for å kunne jobbe raskt og effektivt med innhaldsproduksjon. Squarespace kallar dette Saved sections. Sjå video om Saved sections under:
04. Arbeid med innhald
Vi jobbar med innhald på nettsida i eit timetal som vi er blitt enige om i budsjettet. I denne fasen har vi spesielt fokus på foto og video. Kva bildestil skal vi ha? Finst det gode foto, eller kan vi ta nye? Kva bør vere eigne foto og kva kan vere stock-foto? Finst det video vi kan bruke eller tilpasse? Kanskje treng vi illustrasjonar? Alt dette hjelper vi med.
Gasta har tekstforfattarar og journalistar med lang erfaring i å skrive for web og søkemotor. Vi kan ta oss av heile denne fasen. Nettsidene blir basert på Squarespace, som er veldig enkelt å lære seg. Du kan difor gjerne også vere med i denne delen av prosessen og legge inn innhald.
05. Søkemotoroptimalisering
For å lukkast med søkemotoroptimalisering (SEO) er det viktig å bli kjent med bransjen og vite kva kundar søker etter og kva uttrykk/frasar som blir brukt. Vi tek i denne fasen utgangspunkt i vår sjekkliste for søkemotoroptimalisering. Gasta jobbar med søkemotoroptimalisering utelukkande for Squarespace-kundar, og vi held oss oppdatert på endringar i Google sine algoritmar.
Vi vil gi deg tips til kva du bør ha fokus på når du jobber vidare med nettsidene, og vi held gjerne kurs i søkemotoroptimalisering for Squarespace.
Dersom analysar tilseier at vi bør endre menystruktur - og dermed få nye nettadresser/URL’ar - vil vi setje på 301-redirect, slik at gamle URL’ar fungerer for besøkande, og du unngår å tape rangering på Google.
06. Mobilversjon
Vi er opptekne av at sidene skal fungere godt på mobil, og gjer kvalitetssikring og tilpasning av meny og innhald på mobil. Ver også klar over Squarespace lar deg tilpasse mobilversjonen utan koding, og utan at desktop-versjonen blir endra.
07. Kvalitetssikring
Gasta har utvikla over 600 nettsider basert på Squarespace. Vi har utvikla ein kvalitetssikringsprosess i vårt interne system, Teamwork, der vi gjennomgår nettsidene. Nettsidene blir også sjekka mot retningslinjer for universell utforming (W3C).
08. Lansering
Ein stor dag 🎉 Vi lanserer nettsidene på domenet ditt. Du treng ikkje flytte domenet, men vi må få tilgang til din domeneleverandør (Ex. Domeneshop). Resten fiksar Gasta. Nettsidene blir lansert med SSL (sikre sider) og vi installerer Google Analytics og Google Search Console. Ver også klar over at Squarespace har eit integrert analyseverktøy, som er svært brukarvennleg.
09. Opplæring
Vi har kundar spreidd over heile landet (og Sverige, Canada og Mosambik!) - og har god erfaring med å gjennomføre opplæringa via Teams. Under opplæringa gjennomgår vi også anna dei viktigaste elementa i forhold til søkemotor.
10. Vidareutvikling av nettsida
Gasta har som mål å bidra til at nettsidene dine skal gi vekst og resultat. Mange av våre kundar har vore med oss sidan 1998, og vi vil gjerne samarbeide i mange år framover. Vi tilbyr difor også tenester på digital markedsføring og design.
Som ein del av vårt konsept tilbyr Gasta supportavtale til ein svært gunstig månadspris.
“Etter noen raske søk på nett, når vi hadde bestemt oss for å lage ny nettside, kontaktet vi Gasta Design.
Det var en veldig enkel prosess. Et telefonmøte om hva og hvordan vi tenkte det viktigste budskapet var, og vipps var vi i gang :) Etter et par uker leverte de en «demoside» og vi kunne teste, se og komme med tilbakemelding.
Et par uker til, så var opplæring gitt, og vi var på nett med ny side :))
Kort fortalt: Gode priser, rask levering, enkel opplæring, ryddig og fint design og god kundeservice.”
Oddvar Bratteteig, Daglig leder Røldal Skisenter