Dette betyr utfasing av 3.parts cookies for deg

Det blir sett stadig strengare krav til bruk og innhenting av persondata – og ytterlegare innstrammingar står for tur. Men kva betyr endringane for deg og markedsføringa di?

Mange har nok fått med seg Apple sin nye personvernoppdatering som gir brukaren betre kontroll over og moglegheit til å styre tilgangen til data. Til dømes sørger personvernbeskyttelse i Mail-appen for at usynlege pikslar ikkje lenger kan samle inn informasjon om brukaren, og gi deg som avsendar informasjon om vedkomande har opna e-posten.

Samtidig har Safari og Firefox sin antisporingsteknologi no gjort halvparten av norske og svenske nettbrukarar «usynlege», då dei ikkje lenger kan identifiserast og sporast gjennom open programmering.

Og som om ikkje det var nok: Google har annonsert at dei frå og med 2023 vil fase ut tredjeparts-cookies i Chrome, som utgjer over halvparten av den globale nettlesarmarknaden og web-trafikken. Fram til utfasinga jobbar dei med å finne eit «meir privat» alternativ for både brukarar og annonsørar.

Kva er eigentleg tredjeparts cookies?

Tredjeparts cookies er informasjonskapslar som andre aktørar enn du sjølv plasserer på dei som brukar nettsidene dine.

På denne måten kan brukaren si reise vidare på internett sporast, og ein profil byggjast på den enkelte. Informasjonen kan deretter nyttast til å plassere persontilpassa annonsar eller til retargeting (målretta annonsering).

Kva skjer når tredjeparts cookies forsvinn?

Når tredjeparts cookies forsvinn må ein planlegge kampanjar og måle treffsikkerheit basert på andre parameter enn dei store mengdene av persondata.

Akkurat kva alternativ som vil erstatte tredjeparts cookies, er framleis under utgreiing, men mykje tyder på at ein som marknadsførar må basere seg på mindre mengder personifisert data.

Dette betyr endringane for deg:

  1. Må tenke meir kreativt i markedsføringa

    Summen av dei nye og komande endringane gjer at ein som bedrift og marknadsførar må tenkje kreativt i val av både format og kanal.

  2. Eit skifte mot kontekstuell markedsføring

    Framover vil ein truleg i større grad sjå at annonseringa blir løfta inn i relevante kontekst for den potensielle kunden. Altså annonsert som ein del av relevant fagleg og redaksjonelt innhald, heller enn på ei tilfeldig framside.

  3. Meir fokus på innhaldsmarkedsføring

    Innhaldsmarknadsføring handlar om korleis, når og kvifor me formidlar eit bodskap, og om å finne riktig kontekst for å nå den individuelle kunden. Når ein lukkast med denne strategien framstår marknadsføringa meir til hjelp og på sin plass - og ikkje som eit resultat av at brukar har blitt «overvåka» og fulgt gjennom si reise på nett.

    Det kan óg skape tryggleik for deg som annonsør, ved at du får betre oversikt over kvar og når annonsen din er synleg for brukarar. Om det er tema og søkeord du ikkje ønskjer at merkevara di skal assosierast med, vil du no i større grad kunne ta kontroll over dette.

  4. Innhald og gode landingssider endå viktigare enn tidlegare

    Til sjuande og sist handlar ikkje god marknadsføring om å overvake og følgje kunden, men å treffe med riktig innhald, i riktig kanal til riktig tid.

    Å få innhaldet ditt til å treffe handlar om å oppnå interesse frå målgruppa, heller enn å automatisk styre innhald ved hjelp av personlege data - som alder, kjønn og andre personlege kriterier.

    Innhaldsmarknadsføring handlar om å faktisk treffe målgruppa – ved å bruke tema, ord eller frasar av relevans og interesse. Det føreset at bedrifter er trygge på eiga merkevare og kva behov deira tenester løyser. Deretter må ein produsere og målrette innhald, som i tillegg til tal er basert på menneskeleg innsikt og vurdering.

  5. Må finne nye parameter å måle kampanjar på

    Med mindre tilgang til personleg data, vil ein i større grad måtte sjå etter nye måleparameter for skape treffsikker marknadsføring.

    Marknadsførarar og innhaldsprodusentar må i større grad tilpasse og forventingsstyre i retning av kundens behov og målsetnad.

Men hugs: Marknadsføring er meir enn stordata

Utfasinga av tredjeparts cookies betyr ikkje slutten for all bruk av cookies. Du kan framleis hente ut grunnleggjande data gjennom førsteparts cookies på eiga nettside. Denne informasjonen gir mindre mengder, men like fullt verdifull informasjon om korleis og kor ofte brukaren bruker nettesida di – og grunnlag for å tilpasse marknadsføringa deretter.

Ved å vidareføre og utvikle delinga under samtykke med eigne brukarar og kundar, kan du som bedrift frigjere deg gradvis frå avhengigheten av tredjeparts cookies. Innloggingsløysingar eller anna identifisering (eks. nyheitsbrev) kan dessutan bidra til å samle data om individuelle preferansar og handlingsmønster.

Usikker på personvern og cookies på Squarespace-nettsida di? Ikkje nøl med å ta kontakt med oss i Gasta.

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Slik klargjer du ei landingsside for deling

Neste
Neste

Pakketilbod på Google Ads