Skap større engasjement rundt årsmeldinga di

Er du i gang med årsmeldinga for 2022? Med kreative grep kan den bli både lettlest og engasjerande.

I dag blir rapportar og brosjyrar oftare produsert for digitale flater. Lesing på skjerm har gjort oss rastlause og utolmodige – og det må vi ta høgde for når vi skal formidle. Korleis skaper ein engasjement når større tal- og tekstmengder skal nå ut?

Årsmeldinga di presenterer utvikling og ambisjonar, både til dei tilsette og til omverda. Det er ei unik moglegheit til å vise kven de er og kva de har oppnådd.

Gasta kan hjelpe deg med å spisse bodskapet, løfte fram høgdepunkta og presentere det i ei dynamisk forteljing på nett.

Ved hjelp av «scrollytelling», ein kombinasjon av «scrolling» og historieforteljing – kan ein la historia utspele seg medan ein les. Omtrent som du ville ha lest ein større artikkel, i ei av landets største aviser.

Årsrapportar for SIMAS og Lerum

Vi har laga digitale årsrapportar for mellom anna SIMAS og Lerum. Her kan du utforske resultatet.

Korleis lukkast med digitale format? 

Vi ser at dei verkeleg gode, digitale forteljingane har fleire visuelle element. Gjennom bilete og videosnuttar som underbyggjer identiteten til bedrifta, held du lesaren engasjert.

Det er dessutan viktig å prioritere informasjonen, slik at hovudpoenga kjem til syne.

Sjå til dømes korleis Eidsiva sin årsrapport er løfta ut av tradisjonelle, tekstprega rammer – og inn i ei engasjerande, visuell forteljing. 

Kontakt oss for å høyre korleis din årsrapport kan ta ny form i år.

Ragnhild Myklemyr

Ragnhild Myklemyr er innhaldsprodusent i Gasta design og kommunikasjon. Ho er ekspert på å finne dei gode historiane og formidle dei på vegne av kundane våre.

ragnhild@gasta.no

Forrige
Forrige

Korleis marknadsføre seg i utfordrande tider?

Neste
Neste

Gasta inngår samarbeid med Squarespace