Korleis marknadsføre seg i utfordrande tider?
Det er lett å strupe budsjett, men kva skal eigentleg til for å lukkast?
Svaret er ikkje enkelt, men noko vi ønskjer å finne svare på. Difor meldte vi oss på lanseringen av rapporten “The Nordic CMO Survey” laga av Kampanje, Resumé, Synlighet og Dansk Markedsføring. Den ser på kva marknadssjefar i Norden trur på, kva dei prioriterer og korleis dei lukkast. Kva investeringar gjer dei for å sikre fremtidig vekst? Her må det vere noko for oss å lære!
Her er vår oppsummering av rapporten:
61 % av marknadssjefane ser lavkonjunktur og synkande forbruk som den største utfordringa
50 % har endra markedsstrategien sin som følge av usikre makroøkonomiske forhold det siste året
34 % vil auke marknadsbudsjettet i 2023
79 % bruker byrå i større eller mindre grad
43 % skal tilsette i markedsavdelinga si
59 % har investert i nye kreative konsepter og kampanjar det siste året
54 % har satsa meir på merkevarebygging det siste året
Dette seier marknadssjefane at dei vil satse på framover:
Marketing automation
Kundelojalitetsprogram
AR og VR
Podcast
Videomarknadsføring
Influensersamarbeid
Dei som lukkast best er dei som:
Har ein tydeleg marknadsstrategi og tallfesta marknadsføringsmål
Har godt samarbeid mellom sal og marknad om felles planar og tiltak
Investerer i folk og markedsbudsjett
Investerer i innsikt og merkevarebygging
Er framoverlente og tør å prøve nye ting
Ser meir utover enn innover, og forventer utfordringar i omgivnadane
Rapporten “The Nordic CMO Survey” er laga av Kampanje, Resumé, Synlighet og Dansk Markedsføring.
Kva meiner vi i Gasta at du bør gjere?
Ikkje strup budsjettet
Om alle andre struper marknadsbudsjettet, er det jo ein ypperleg moglegheit til å tre fram? Tradisjonelt er det mange som tenker at utfordrande tider er grunn til å “sitte stille i båten”, men her tenkjer vi at det er ein god anledning for lettere å ta fleire marknadsandeler.
Merkevarebygging, ikkje kortsiktig sal
Gjer det smart og tenk langsiktig. I marknadsføring kan ein skilje mellom kortsiktige salsaktivitetar og merkevarebyggande aktivitetar. I ein periode der kjøpekrafta går ned, kan det vere lurt å fokusere meir på merkevarebygging. På den måta lar du kundane bli kjend med deg, og så har dei deg “top of mind” seinare når dei er klare til å kjøpe.
Juster strategien din
Mål kan endre seg fort i desse dager. Det du trudde i går, er kanskje ikkje realitet i dag. Difor anbefaler vi å gå gjennom strategi og mål, og sjå kor ein kan justere tiltak for å oppnå resultat - eller delmål. Ver realistisk!
Våg å satse
I usikre tider må ein tenke nytt. Dei marknadssjefane i rapporten over som har suksess, har til felles at dei våger å prøve nye ting. Kanskje dette er tida til å nytte meir video, prøve scrollytelling - eller prøve seg i ein ny kanal? Kva med nyheitsbrev?