Nye krav til Google-annonsering: Consent Mode V2
No må du som annonserer i Google Ads ha på plass ein tilstrekkeleg samtykkeløsning for å få mest mogleg effekt av annonsane dine.
Eit nytt og strengare personvern-regelverk er no trådd i kraft, kalla The Digital Markets Act (DMA). Den nye loven skal sikre at dei seks store plattformane, «gatekeepers», opptrer på ein ryddig og rettferdig måte.
For å svare på det, har Google utforma verktøyet Google Consent Mode V2, som du kanskje har høyrt om. Dette verktøyet kommuniserer til Google om brukaren på nettsida di har godtatt eller avslått bruk av cookies.
I praksis betyr det at du må installere eit samtykkebanner på nettsida, som samlar inn samtykke på riktig måte og kommuniserer dette til Google. Viss du ikkje har dette på plass, kan annonsane dine bli straffa.
Kva må du som annonsør gjere?
Det enklaste er å bruke ein av Google sine godkjente CMP-partnarar, for eksempel Cookiebot eller Cookie Information. Dette er eksterne selskap som tilbyr gode samtykkeskjema som alltid vil vere oppdaterte og korrekte. Merk at dette er ei betalt teneste som krev abonnement.
For Squarespace-kundane våre som annonserer i Google, kan vi hjelpe med oppsett via Cookie Information. Då tek vi hand om heile prosessen, og vidarefakturerer ein gong i året. Du slipp å tenke noko meir på det, og kan vere trygg på at alt er i orden.
Kontakt oss om oppsett av samtykkeskjema
Kva skjer viss du ikkje implementerer Consent Mode V2?
Viss ein ikkje har installert dette på nettsida, blir Google tvinga av DMA til å begrense målrettinga i annonsane dine.
Konsekvensane viss du ikkje innhenter samtykke er mellom anna:
Mister moglegheita til å bruke remarketing
Begrensa moglegheit til å benytte personalisert markedsføring
Unøyaktige og/eller manglande data som gjer dårlegare resultat og mindre effektiv bruk av budsjett
Vi høyrer også rykter om at Google etter kvart vil begynne å gjennomgå annonsekontoar og sende ut varsel dersom ein ikkje har god nok samtykkeløysing på plass. Potensielle konsekvensar kan vere deaktivering av konverteringssporing og/eller remarketing-lister og muligens også suspensjon av heile annonsekontoen.
Treng du hjelp med å sette opp Google Consent Mode V2 i Squarespace? Ta kontakt med oss.