Slik bygger du merkevare på LinkedIn

Har du lyst å nytte LinkedIn meir aktivt, men er usikker på korleis du skal gå fram?

Vi har sett opp to ulike LinkedIn-pakkar for å hjelpe deg i gang. Vi tilbyr to pakkar, ein for deg som treng tips og råd og ein annan for deg som vil ha hjelp til å sette opp planar og sette i gang å poste.

I desse pakkane vil du få både teori og praksis som kan gi deg ein kickstart på LinkedIn.

Kvifor bør du ta i bruk LinkedIn?

Plattforma er ein framifrå stad for å byggje merkevare og drive med employer branding. Kva gjer ein i dag når ein søkjer på ein jobb eller skal på intervju? Jo, ein googlar bedrifta for å finne ut kva slag folk som jobbar der. Er dette ein stad eg kan passe inn, og er dette folk eg kan trivast med?

Øvst finn ein forhåpentlegvis nettsida di (om ikkje, bør vi ta ein prat), men på andre plass kjem truleg LinkedIn. 

LinkedIn for merkevarebygging 

Det som skil LinkedIn frå andre plattformer er at folk er i businessmodus. Folk brukar LinkedIn for å oppdatere seg på konkurrentar, få fagleg påfyll, eller for å kunne diskutere fag. LinkedIn handlar om å etablere seg i 'top of mind' slik at den gongen dei treng tenesta di eller produktet ditt, vil dei hugse deg. Ikkje fordi du har mast om produkta dine på LinkedIn (for det skal vi ikkje gjere), men fordi du har vore aktiv og synleg.

Du har fortalt engasjerande historier om korleis bedrifta jobbar med til dømes berekraft, eller korleis de har revolusjonert bransjen med akkurat ditt produkt. 

Større rekkevidde på LinkedIn

LinkedIn har utvikla seg til meir enn berre ein nettstad for profesjonelle; det er ein omfattande plattform som stadig veks. Med over 875 millionar registrerte brukarar over heile verda, har LinkedIn blitt ein essensiell arena for yrkesnettverking og karriereutvikling. Men sjølv om det er 875 millionar registrerte brukarar, så publiserer kun eit fåtal av disse innhald.

Det betyr at du får ein større rekkevidde med bodskapet ditt på LinkedIn enn du ville gjort hos til dømes Facebook. 

La oss hjelpe deg

Ta ein titt på dei ulike pakkane her. Skulle ingen av pakkane passe til deg og di bedrift, men du likevel treng hjelp til LinkedIn? Kontakt meg, så finn vi noko som passar for deg.  

Ellen Emilie Stangeland

Ellen er digital marknadsførar i Gasta design & kommunikasjon. Ho jobbar mykje med Squarespace og SEO. Ho likar å halde seg oppdatert om siste nytt frå Squarespace og anna teknologi.

ellen@gasta.no

Forrige
Forrige

Kople skjema til Google Drive på nytt i Squarespace

Neste
Neste

Nye krav til Google-annonsering: Consent Mode V2