Brødrene Aa

Eit norsk industrieventyr med karbonfiber og miljø i fokus.

Hausten 2024 lanserte vi nye nettsider og justert profil for Brødrene Aa, ein skikkeleg “makeover”. Designet vart modernisert, forenkla og stramma opp.

Vi har jobba med både merkevare og visuell identitet for suksessrike Brødrene Aa i mangen år. I 2013 la båtbyggeriet, med over 130 tilsette, ein strategi om å satse på båtar i karbonfiber og vi utvikla grafisk profil i tråd med den nye strategien.

Vidare har vi utvikla brosjyrer og anna materiell for å byggje merkevaren.

Brødrene Aa er oppteken av å vise kva båter dei har utvikla og levert. På nettsida har vi satt opp ein seksjon for Deliveries, der dei enkelt kan leggje ut nøkkelinformasjon om båten, bilde og teikningar - så kjem det ut i ein rein og oversiktleg mal.

Dei ønskjer óg å fortelje meir om prosjekta og båtane i drift, i tillegg til at dei treng hjelpt til pressemeldingar med jamne mellomrom. Vi jobbar fast med å rådgje og produsere innhald til kanalane deira. Aktiviteten i sosiale medium er god, ved hjelp av faste rapportar og statusmøte. Sjå innhald vi har produsert

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Neste
Neste

ZERoh!