Namsskogan Familiepark
Ein av dei største turistattraksjonane i Trøndelag med 53.000 besøkande i året.
Namsskogan Familiepark og Namsskogan Hotell i Trones i Trøndelag vart frå januar 2020 fusjonert inn i eit felles selskap.
Dei hadde to separate nettsider, og hadde eit ønskje om å skape ei felles, salsretta nettside for det nye selskapet.
Vårt oppdrag starta difor med ein grundig prosess rundt målsetting, brukarbehov og informasjonsdesign.
Den nye nettsida gir oversikt over alt du kan oppleve i parken og gjer det enkelt å booke. Vi utvikla ei eiga, dynamisk menylinje (“sticky menu”) som er enkel for kunde å oppdatere, der besøkande lett kan bestille billett og overnatting.
Parken valde å byte frå WordPress til Squarespace som publiseringsverktøy. I prosessen la dei stor vekt på at det nye verktøyet er enkelt i bruk. Vi takkar for godt samarbeid med Sarah Chirico-Wyss & Co.