Simas IKS
Eit spennande avfallsselskap med fokus på sirkulær økonomi. Nye nettsider gjer viktig informasjon tilgjengeleg for abonnentane.
“Dette er eit mykje enklare «arbeidsverktøy» for abonnentane våre – det er her dei går for å søke informasjon dei er på jakt etter. Det er den viktigaste funksjonen til heimesida.”
Mykje informasjon - lett tilgjengeleg
Simas.no er ei nettside med mykje informasjon. Problemet har vore at det er vanskeleg å navigere, så her har vi jobba mykje med å strukturere og forenkle. Ved å plassere fleire knappar sentralt på sida som enkelt og kjapt kan endrast, kan den viktigaste informasjon oppdaterast etter årstid og aktualitet.
Dei to viktigaste knappane
Vi har brukt statistikk til å sjå kva folk leiter etter og klikkar på, og behaldt dei to knappane som trengst mest: avfallskalender og miljøstasjon.
Inne på desse to sidene har vi forenkla og korta ned informasjonen , slik at det skal vere kjapt og enkelt å finne det ein lurar på.