Sørheim Fjordpanorama

Visuell profil og nettsider i Squarespace for eit heilt nytt overnattingskonsept i Luster.

Namneprosess og visuell identitet

Sørheim Fjordpanorama ligg spektakulært til i vakre Luster. Her byr dei lokale eigarane på både storslått overnatting og skreddarsydde, guida turar i området.

Då dei starta prosjektet, visste gjengen bak godt kva dei ville tilby, men ikkje heilt kva dei skulle kalle seg.

Vi i Gasta fekk gleda av å hjelpe med namneprosessen og visuell profil til prosjektet. Både namn, logo og fargeval er sterkt inspirert av området, med eit reint og elegant uttrykk.

Stilrein nettside

I området rundt Sørheim Fjordpanorama kjem du tett på storslått natur, og det er nettopp dette som er fokus for nettsida. Her let vi bilda snakke for seg sjølve, utan for mykje forstyrringar.

Området er óg prega av mykje lokalhistorie, noko dei som driv prosjektet har mykje kunnskap om. Dei deler tross alt etternamn både med området og hytta!

Nettsida formidlar det lokale, det nære og det ekte. På same tid framstår den profesjonelt og inviterer deg inn til ei unik oppleving i området.

 
Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Footstep

Neste
Neste

Sogn Varme & Piperehabilitering