Gasta er Squarespace Enterprise-kunde
Vi er eitt av tre selskap i Norden som har offisielt samarbeid med Squarespace.
Einaste byrå i Norge med Squarespace Enterprise-status
Allereie i 2013 starta vi å lage nettsider i Squarespace. Då var verktøyet relativt ukjend i Norge, og mykje har skjedd sidan den gang.
10 år og 600 nettsider seinare, blei vi i november 2023 kontakta av Squarespace i New York med tilbud om å bli den første Enterprise-kunden i Norge.
I Skandinavia er det frå før to andre slike selskap, der ikkje ukjende Lego er det eine.
Gasta på besøk på Squarespace HQ, New York
Fordelar for deg som Gasta-kunde
Betre support
Vi har “priority support" og får tilgang til den beste kompetanse i verda - hos Squarespace i New York og Dublin.
Ekstra SEO-ressursar
Vi får tilgang til Squarespace sin beste kompetanse på søkemotor, for deg som har behov for det.
Ny testmodus
Vi kan opprette nye nettsider i "testmodus" og ha dei i testmodus utan å betale før sida faktisk blir lansert. Det gjer oppgraderingar rimelegare for både deg og oss.
Effektivitet
Med Enterprise får vi tilgang til dashboard som gjer det meir effektivt å utvikle sider i Squarespace.
Intranett med SSO
Som Enterprise-kunde har vi tilgang til SSO-funksjon, slik at du kan lage eit intranett der tilgang er styrt via Microsoft Azure, Okta (OAuth2).
Design Library
Firma eller organisasjon med behov for mange nettsider? Og behov for å legge inn og endre på tekst og innhald på alle sidene frå ei sental side? Som Enterprise-kunde har vi tilgang til slik funksjonalitet i Squarespace.