Berekraftkommunikasjon for Lerum

Korte videoar, tilpassa sosiale medium, viser konkrete eksempel på korleis Lerum jobbar med berekraft.

Lerum har forankra sitt berekraftsarbeid i strategien. For dei er berekraft ei sjølvfølge, dei har alltid  jobba med å ta vare på.

«Å foredle betyr å bevare. Å ta vare på. For vår bærkrets handlar det om å ta vare på naturen. Frukt og bær. Menneske. Ernæring. Og lokalsamfunnet som vi er ein del av.», skriv dei på nettsida.

Men korleis tek dei vare på?

Gasta har hatt eit prosjekt med Lerum, der vi har laga innhald som viser nettopp dette. Korleis tek dei vare på råvarene og naturen? Og ikkje minst lokalsamfunnet? Vi har starta med seks korte videoar, tilpassa sosiale medium.

Slik får dei presentert «grunnmuren» i berekraftsarbeidet på nettsida, og i tillegg vist konkrete eksempel ut i sosiale medium og som aktuelt-saker på nettsida.

 

Resirkulert klemmeflaske:

Klimavennleg fabrikk:

 

Blåse flasker:

Samarbeid med Too Good To Go:

 

I tillegg til å dele videoane, har vi produsert artiklar for å utdjupe tema i filmane med meir fakta.

Sjå til dømes:

– Dette innhaldet gjer det enklare for oss å vise korleis vi jobbar med berekraft, fortel Marte Myklebust Åril, marknadssjef i Lerum - og legg til:

–  At det ligg ei side om berekraft på nettsida, betyr ikkje at folk flest får det med seg. Med konkrete historier, tilpassa ulike kanalar, er det lettare for oss å vise korleis vi jobbar. Det blir konkrete eksempel, ikkje berre «tomme ord».

Meir om korleis Gasta jobbar med berekraftkommunikasjon.

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Nytt magasin for Kunnskapsparken Vestland

Neste
Neste

Har du riktige opningstider på Google?