Har du riktige opningstider på Google?

Dei fleste søkjer på Google når dei vil finne opningstider. Då er det viktig at svaret folk får opp om bedrifta di faktisk stemmer.

Mange går ut ifrå at informasjonen i søkeresultatet stemmer, og tek seg ikkje tid til å dobbeltsjekke andre stadar.

Her viser vi deg korleis du styrer opningstidene dine på Google.

Styrast frå Google Min Bedrift

Opningstidene som visast i søkeresultatet og i kartet på Google Maps blir styrt frå din bedriftsprofil i Google Min Bedrift.

Enkelt forklart er dette Google sin plattform for å administrere informasjonen som kjem opp om bedrifta di i søkeresultat, sånn som namn, opningstider og geografisk plassering. Det er inne i dette verktøyet du må leggje inn opningstidene dine.

Ikkje kjend med Google Min Bedrift? Finn ut meir her

Slik endrar du opningstidene:

Klikk på bildet for stor visning.

  1. Logg inn på Google Min Bedrift

  2. Vel “Informasjon” i menyen til venstre

  3. Sjekk at dei ordinære opningstidene stemmer, juster ved å klikke på blyanten

  4. Under “+ Flere åpningstider” kan du klikke på blyanten for å leggje inn heilagdagar

 

NB! Har du ikkje tilgang til Google Min Bedrift, må du ta eigarskap til bedrifta di først. Treng du hjelp med det, kan du ta kontakt med oss.

Hugs feriar og høgtider

Hugs at opningstider som avviker frå dei ordinære tidene, sånn som i ferier og på heilagdager, må leggjast inn kvar for seg under “Flere åpningstider”.

Spørsmål om synlegheit på Google? Ta kontakt med oss.

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Berekraftkommunikasjon for Lerum

Neste
Neste

Prøvd video i marknadsføringa?