Blir Google Analytics ulovleg?
Det mest brukte analyseverktøyet i verda bryt GDPR-reglane og kan bli ulovleg. Kva no?
Google Analytics gir verdifull innsikt som kan gjere nettsida både betre og meir lønnsam. Dei aller fleste Gasta-kundane har verktøyet installert på nettsida si i dag.
Så har du kanskje fått med deg at det er kommen ein ny versjon kalla Analytics 4. Den gamle versjonen sluttar å fungere frå 1. juli 2023, då blir alle overført til den nye versjonen automatisk.
Men uavhengig av kva versjon ein har av Analytics, er det slik at verktøyet i seg sjølv kan vere ulovleg.
I strid med GDPR?
Kjernen i saken handlar om at verktøyet sender data ut frå EU/EØS. Det er i strid med lovverket for personopplysningar, kjend som GDPR.
I 2022 gjekk Datatilsynet ut og sa at verktøyet kan være ulovleg, medan dei i mars 2023 sende ut varsel om vedtak i saka. Det endelege svaret veit vi framleis ikkje, då Datatilsynet framleis behandlar saka.
Difor er det i dag ingen som veit om verktøyet faktisk blir ulovleg, eller kva følger det eventuelt får å bruke det vidare.
Alternativ til Google Analytics
Ein del ser seg no rundt etter alternativ. Google Analytics er dominerande i marknaden, men det finst alternative analyseverktøy. Vi kan nemne Matomo, Plausible og Fathom.
Likevel er ikkje desse å rekne som fullgode alternativ til det store økosystemet Google Analytics er ein del av. Ein del av desse må ein óg betale for, medan Google Analytics er gratis.
Kva no?
Enn så lenge, får vi puste med magen og avvente den endelege avgjerda i saka.
Alle som har gamle Google Analytics får automatisk den nye Analytics 4 frå 1. juli.
Har du spesielle sporingar, t.d. på kontaktskjema eller kjøp i nettbutikk, må dette setjast opp manuelt i nye Analytics 4 - ta kontakt med oss.
På sikt, viss Google Analytics blir ulovleg, kan ein vurdere om ein vil gå heilt vekk frå det eller byte til eit anna verktøy.
Vi følger med vidare!