Fem AI-verktøy du burde teste
Nysgjerrig på kunstig intelligens? Her er fem AI-verktøy du burde teste til ulikt bruk - inkludert Squarespace sitt eige!
Chat GPT - tekst
Den raskast voksande tenesta nokon gong, Chat GPT, har allereie bikka 200 millionar brukarar. For å nemne noko, kan tenesta skrive heile tekstar, korrekturlese og omsetje til andre språk. Kva med å be den om å definere målgrupper for bedrifta di, eller hjelpe med ein ny artikkel til nettsida?
Midjourney 5 - bilde
Tenesta Midjourney 5 lager fotorealistiske bilde frå tekstfrasar du skriv inn. Det kan vere god underhaldning å be om eit bilde av ein gorilla i solnedgang ved Sognefjorden - men verktøyet kan òg vere veldig nyttig.
Midjourney 5 kan til dømes hjelpe deg med interiørval når du skal innreie stua, lage forslag til produkt- og emballasjedesign eller utforme 3D-modellar.
Soundraw - musikk
Verktøyet Soundraw lagar kort fortalt AI-genererte låtspor. Ein vel sjanger, stemning og lengde, så blir musikken laga for deg. Praktisk viss du til dømes treng bakgrunnsmusikk til ein sosiale medium-video.
beautiful.AI - presentasjonar
Med verktøyet beautiful.AI slipp du å bruke tid på å lage presentasjonar i PowerPoint. Berre skriv inn ein tekstfrase, så får du komplette slides, heilt ferdig med grafikk, innhald og design.
Squarespace AI - tekst (på engelsk)
Squarespace omtalar AI-funksjonen sin som ein skriveassistent som hjelper deg frå blank side til første utkast med eit “flash”. Du vil sjå funksjonen oppe i tekstmenyen til venstre - som eit lynsymbol. Be den skrive ein tittel eller eit avsnitt om det du ønskjer innhald på.
Det er med andre ord vanvittige moglegheiter med AI, så her er det berre å utforske. Men det er òg litt skremmande å sjå kva som kan konstruerast. Veit me etter kvart kva som er ekte og ikkje?