Satsar på digital annonsering for å nå ungdommen

Våren er viktig for folkehøgskulane, som skal få ungdommar til å søke skuleplass frå hausten. I år ville Sogndal folkehøgskule satse digitalt, og vi har hatt gleda av å hjelpe dei.

Vi meiner at markedsføring må ta utgangspunkt i kven målgruppa er. Etterpå kan ein velje kanalar og utforming av annonsane, alt etter kven ein ønsker å nå. Det er slik ein rustar seg best for at annonseringa skal lykkast, og det er slik vi har tenkt i dette samarbeidet.

Nettsida til Sogndal folkehøgskule laga vi tilbake i 2022.

Ungdom som målgruppe

Hovudmålgruppa her var ungdom i alderen 17-23 år, og målet var å få inn fleire søknadar for neste skuleår.

I tillegg tenkte vi at foreldre óg kan vere med å påverke, så dei blei skissert som ei sekundær målgruppe.

Med dét som utgangspunkt, var det berre til å gå i gang.

Hovudvekt på video

I annonseringa har vi brukt mest video, då dei unge er vande med å sjå det meste i videoform. Vi satsa på korte, enkle og livlege videoar, som går rett på sak og viser kva ein får oppleve med eit år på folkehøgskule.

I dette tilfellet hadde skulen mykje godt videomateriale sjølv, som vi i Gasta har bearbeida. I tillegg har vi satt saman bilder til enkle videoar, i lag med informasjon om dei ulike studielinjene.

Kunsten å velje riktige kanalar

Videoane har blitt “plassert ut” i relevante annonsekanalar, som Facebook, Instagram, Snapchat, TikTok og i Google sitt annonsenettverk (herunder YouTube). I tillegg til video, har vi supplert med bildeannonsar for å skape variasjon.

Vi starta det heile med å gå ut bredt i ei merkevarekampanje. Her var målet å nå flest mogleg i målgruppa, og auke kjennskapen til skulen. Deretter har vi snevra inn og spissa bodskapen enno meir i påfølgande kampanjar.

Gode resultat

Så langt har annonseringa gitt gode resultat. Dei har nådd ut bredt og blitt synlege i digitale kanalar som vi veit at ungdommen og foreldra deira bruker tid på.

Så gjenstår det å sjå korleis dei endelege søkartala blir på slutten av sommaren. Vi ønsker Sogndal folkehøgskule lykke til, og takkar for godt samarbeid så langt!

I år bestemte me oss for å marknadsføre oss meir digitalt og tok kontakt med Gasta. Som kunde hjå dei i mange år kjenner dei godt til profilen vår. Me er utruleg fornøgde med samarbeidet
— Elise HJelleflat Barsnes, Sogndal folkehøgskule

Sjå nokre av videoane:

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Utforsk digital historieforteljing

Neste
Neste

Fem Squarespace-lanseringar på ei veke!