Fem Squarespace-lanseringar på ei veke!
Vi venter stadig på våren, som ser ut å dryge litt. Men vi lanserer i det minste nettsider medan vi venter - og det både for bedrifter i Mosambik, Sogn og i hovudstaden. Berre sjå her:
Afla Livre
Ikkje kvar dag vi utviklar nettsider for bedrifter i Mosambi. AflaLivre lagar produkt som beskyttar matvekstar som nøtter og mais mot å utvikle muggsoppgiften aflatoksin. Prosjekt i samarbeid med vår gode kunde Norges Vel.
Njøs frukt- og bærsenter
Njøs hadde behov for eit nytt og meir moderne design. Vi har laga malar for å presentere dei ulike frukt- og bærsortane sine, og oppretta nettbutikk for sal av publikasjonar.
Ombygg
Europas største butikk for brukte byggevarer har lansert nettbutikk. Visuell identitet vart utvikla av Bielke & Yang, med fontar og farge, og vi har gjort utvikling og teknisk oppsett.
Absolutt arkitektur
Dei kom til oss med ei Squarespace-side dei trong hjelp med. Vi gjorde endringar i sjølve designet og laga ein ny måte å framstille prosjekta på. Arbeidet med å legge inn prosjekta er enda ikkje heilt ferdig, men når dette kjem på plass vil det bli ei solid oppgradering for kunden.
Sogn Opplæringskontor
Ein ny nettside med eit leikent design for å rette seg mot ungdommar. Enkel og grei oversikt over lærlingbedrifter og tilbod.