Kunstig intelligens inntar søkemotorane

SEO: Kva gjer ein når søkemotoren heller vil gje svaret direkte sjølv, i staden for å henvise til nettsida di?

Du har nok fått med deg debatten rundt ChatGPT og kunstig intelligens. Denne typen verktøy basert på AI, kan gjere alt frå å hjelpe med lekser, skrive dikt, til å utforme logoar og bilde. Med det blir samtidig reist mange problemstillingar til opphavsrett, feilinformasjon og personvern.

Kan endre søkemotorane for alltid

Etter kvart som kunstig intellingens kjem på banen i søkemotorane, reiser dette nye spørsmål for oss som arbeider med nettsider og søkemotoroptimalisering (SEO).

Heile målet med SEO-arbeid er at dei som stiller eit spørsmål (søkjer på noko), skal få opp nettopp di nettside som svar, og klikke seg inn til deg. Men kva skjer når søkemotoren heller vil gje svaret sjølv, i staden for å henvise til nettsida di - som har svaret?

Dette endrar måten vi tenker om søkemotor på totalt, og er eit spørsmål mange diskuterer om dagen.

AI tipsa indisk selskap om liten, norsk aktør

Dette ligg ikkje berre i framtida, det skjer allereie. Nyleg snakka vi med ein av kundane våre, som hadde fått førstehands erfaring.

Kunden vår hadde motteke ein førespurnad frå eit stort selskap i India. Då dei spurde korleis indarane fann fram til dette lille, norske selskapet, svarte dei: Kunstig intelligens.

Dei hadde rett og slett spurt ein AI: Kven er det som kan finne den mest kreative løysinga på problemet vårt? Og svaret som kom ut: Eit lite selskap i Norge.

Slik ser vi at kunstig intelligens kan gje andre svar enn dei tradisjonelle søkemotorane ville gjort. Dette kan gje nye utfordringar, men óg nye moglegheiter.

Kva no?

Kva var det som gjorde at AI-en anbefalte akkurat denne lille norske aktøren til det store indiske selskapet?

Ein ting AI-verktøya har til felles, er at vi ikkje heilt veit kva informasjon dei baserer seg på. Dette i motsetning til f. eks Google, kor ein (til ein viss grad) veit kva som skal til for å kome opp som beste svar på. Viss ein ikkje veit kva som ligg bak, korleis kan ein sørge for at dei finn nettopp deg, og ikkje konkurrenten?

Dette er vanskelege spørsmål å svare på. For ingen veit eigentleg heilt korleis AI vil påvirke den digitale markedsføringa framover. Men uansett vil godt, relevant og oppdatert innhald på nettsida framleis vere viktig. Og så må vi kanskje tenke litt nytt om korleis vi bruker dei andre kanalane vi har tilgjengeleg.

Vi i Gasta følgjer med!

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Fem Squarespace-lanseringar på ei veke!

Neste
Neste

Ny nettside til bedrift i Mosambik