Frå idé til nett: Korleis Sogn Næring utnyttar Squarespace

Bård Basberg er rådgjevar i Sogn Næring, der han jobbar med mange ulike Squaresapce-sider.

For kvart prosjekt Sogn Næring tek i, er det nye samarbeidspartnarar. Då er dei avhengige av å gi prosjektet ei eiga drakt med profil og landingsside.

Sogn Næring, næringsselskapet til Sogndal kommune, har i alle fall åtte nettsider i Squarespace, kanskje fleire. Bård Basberg er ikkje heilt sikker. Rådgjevaren i Sogn Næring er involvert i mange prosjekt i regionen. Prosjekt som ofte strekk seg over tid, men som treng ei nettside tidleg i fasen for å presentere mål for prosjektet og kven som er med.  

 – Då er eg glad vi nyttar Squarespace som verktøy. Det er kanskje det enklaste verktøyet for å få eit prosjekt opp å nikke kjapt. Vi kan lage ei enkel landingsside og fortelje kva prosjektet går ut på. Så kan vi heller bygge vidare på nettsida når prosjektet kjem lenger.

Dei siste månadane har Sogn Næring, saman med oss i Gasta, fått opp eigne nettsider til prosjekta Styrekandidat Vest og Sogn Biohub. Logo, fargar og ei enkel nettside. Alt gjort på berre nokre dagar i total arbeidstid.

Får eigen identitet

Basberg viser kor enkelt det er å jobbe i Squarespace.

Prosjekta Sogn Næring er ein del av, har ofte mange partnarar og eigarar. Då kan ikkje Sogn Næring sin logo og identitet fronte prosjektet. Dei treng ein eigen identitet.

– Då er det flott å samarbeide med Gasta. Det er ofte avgrensa tid, så det å sende ei bestilling og vite at vi får ein heilheitleg pakke, er trygt og effektivt. For å lage det visuelle krevst det kompetanse og erfaring.

– Når profil og logo er laga, har ein eit godt grunnlag for å få til ei fin nettside. Då har Gasta hjelpt oss å sette opp rammeverket og overordna design – så fiksar vi resten.

Godt nøgd med versjon 7.1

Basberg er etter kvart godt driven i Squarespace, og er godt nøgd med nyaste versjon. Her kan han mellom anna nytta saved sections som gjer at ein jobbar endå raskare. 

– Det er overraskande effektivt. Set eg til dømes opp ein blokk med «meld deg på nyheitsbrev», så kan eg kopiere heile seksjonen og hente han inn ein anna plass. I tillegg lar denne versjonen meg redigere mobilvisninga på ein enkel måte. Då får du det akkurat som du vil.

Har du eit prosjekt som fortener ei eiga nettside? Vi hjelper deg gjerne.

 

Her kan du sjå logo og nettside til Sogn Biohub og Styrekandidat Vest:

 

Eit anna gode døme på prosjektsider er Grøn Region Vestland, eit prosjekt av Vestland Fylkeskommune og Innovasjon Noreg (som Sogn Biohub er ein del av):

Astri Knudsen

Astri er innhaldsprodusent og dagleg leiar i Gasta design og kommunikasjon. Ho er oppteken av å finne dei gode historiane og gi deg målretta innhald.

astri@gasta.no

Forrige
Forrige

God sommar frå oss i Gasta ☀️

Neste
Neste

Hugsa å oppdatere opningstidene før ferien?