Hugsa å oppdatere opningstidene før ferien?
Mange søker på nett for å finne opningstida di. Då er det viktig at den faktisk stemmer - også i sommarferien.
Det er vanleg å gå ut ifrå at informasjonen i søkeresultatet stemmer, og mange tek seg ikkje tid til å dobbeltsjekke andre stadar.
Då hjelper det ikkje at du har skrive på nettsida di at du har stengt i sommar. Vipps, så har kunden møtt opp til stengte dører - for du er jo på sommarferie.
Her viser vi deg korleis du styrer opningstidene dine på Google.
Hugs å sjekke at også Facebook-side og nettside viser riktige opningstider.
Google: Styrast frå Google Min Bedrift
For å endre opningstidene som visast i søkeresultatet og i kartet på Google Maps, må du logge inn på Google Min Bedrift. Dette er Google sin plattform for å administrere bedriftsinformasjon i søkeresultat.
Her kan du klikke “Endre profilen” og scrolle ned til "Åpningstider”. Her kan du legge inn dei vanlige opningstidene samt spesielle datoar (høgtider, feriar etc).
NB! Har du ikkje tilgang til Google Min Bedrift, må du ta eigarskap til bedrifta di først. Treng du hjelp med det, kan du ta kontakt med oss.
Ikkje kjend med Google Min Bedrift? Finn ut meir her
Facebook: Endrast inne på bedriftssida
Er du administrator på Facebook-sida til bedrifta, kan du gå til sida og velje “Bytt” slik at du opptrer som sida i staden for deg sjølv. Velg fana “Om”, scroll ned “Grunnleggende informasjon” og velg blyant-ikonet ved siden av opningstidene.
Nettsida: Legg til info i Squarespace
Det kan vere lurt å skrive ein stad på nettsida di viss du har spesielle opningstider i ferien eller held stengt. Dette kan til dømes stå som ein eigen aktuelt-sak eller ligge på kontakt-side eller i footer.
Treng du hjelp med å formidle dette i Squarespace, berre gje oss ein lyd.
Då gjenstår det berre å sei: God sommar! ☀️