Prøvd video i marknadsføringa?

Kort-form video gjer det lettare å formidle bodskapen og oppnå betre resultat med marknadsføringa. Det treng verken vere dyrt eller komplisert.

Fleire av kundane våre ønskjer å bruke meir video. Det gjeld både store og små aktørar, og alt frå festivalannonsar til informasjonskampanjar. Det videoaene vi lagar har til felles? Vi gjer det enkelt!

Med såkalte kort-form videoar treng det verken vere dyrt eller komplisert for å gje effekt. Vår erfaring er at slike korte videosnuttar filma med mobil fungerer heilt ypperleg i sosiale medium og på eigen nettside.


Vellukka prosjekt med kort-form video:

Video Block
Double-click here to add a video by URL or embed code. Learn more

Norsk Countrytreff: Videoannonsar

Vi har hjelpt festivalen Norsk Countrytreff med annonsering i sosiale medium og Google sitt nettverk.

Størstedelen av annonseringa føregjekk via video - og det ga publikumsrekord!

Les meir om prosjektet

 

SIMAS: Lettbeint kunnskapsformidling

SIMAS IKS ønskjer å redusere matsvinnet i Sogn.

Saman har vi laga kampanjen “Bli ein matreddar” med ei rekkje lettbeinte filmar i sosiale medium.

Filmane viser mateksperten ved vitensenteret ViteMeir som gir nyttige råd om korleis ein unngår å kaste mat som kunne vore eten.

Les meir om prosjektet

 

Rekkje Stiutvikling: Video i stillingsutlysing

Video Block
Double-click here to add a video by URL or embed code. Learn more

Hausten 2021 lyste Rekkje Stiutvikling ut stillinga som dagleg leiar.

For å få inn dei riktige kandidatane vart vi einige om å brukte film som verkemiddel.

Filmen gir både eit inntrykk av gründeren bak bedrifta, kva dei driv med i dag og korleis dei ser for seg framtida.

Meir om å nytte video i stillingsutlysingar


Nysgjerrig på å prøve ut meir video? Ta kontakt, så tek me ein uformell prat!

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Har du riktige opningstider på Google?

Neste
Neste

Kjekt matsvinn-prosjekt med SIMAS og ViteMeir