Kjekt matsvinn-prosjekt med SIMAS og ViteMeir
Lettbeint kunnskapsformidling gjennom video i sosiale medium.
SIMAS IKS, avfallsselskapet i Indre Sogn, er ein av kundane vi jobbar med på fast basis. Dei har over lengre tid hatt fokus på å redusere matsvinnet i Sogn. Saman har vi laga kampanjen “Bli ein matreddar” som har pågått sidan hausten 2020.
Mateksperten svarar
Nyaste satsing er ei rekkje informasjonsvideoar om matsvinn. Her har SIMAS gått i lag med vitensenteret ViteMeir om å dele kunnskap om korleis ein kan unngå å kaste mat som eigentleg kunne vore eten.
Totalt har vi produsert åtte filmar i serien, kor kvar film tar for seg eit nytt tema. Her svarar mateksperten Lars frå ViteMeir på vanlege spørsmål om alt frå frukt og grønsaker til brød, ris og muggsopp.
Lettbeinte videoar for sosiale medium
Gasta har stått for heile prosessen, frå idé og manus til filming og klipping. Videoane skal vere lettbeinte og uformelle, og er laga for deling på nett og sosiale medium. Difor valde vi å lage korte snuttar i kvadratisk format, heller enn éin lang informasjonsvideo.
To av filmane kan du sjå under. Resten av filmane kan du sjå på SIMAS si Matreddar-side.
Takk til SIMAS og ViteMeir for eit kjekt samarbeid!