LinkedIn for bedrifter - kvifor det?
Mange er nysgjerrige på LinkedIn som marknadsføringskanal om dagen. Men er det noko for di bedrift?
LinkedIn er egna både for små og store bedrifter, men er kanskje spesielt nyttig for dei som driv business to business - B2B. Grunnen til det, er at kanalen er tilrettelagt for innhald som styrker merkevaren din, auker nettverket ditt og byggjer leads (over tid).
Dette er óg den kanalen folk seier at dei har mest tillit til. På LinkedIn held ein kontakta på eit profesjonelt nivå, og det er langt færre nettroll og kattevideoar enn mange andre plassar.
3 grunner til at at bedrifta bør vere på LinkedIn:
Merkevarebygging: Kven er de, og kva er viktig for dykk
Nettverk: Kundepleie og sal
Rekruttering: Employer branding
Tett knytning mellom firma og tilsette
Noko av det som gjer LinkedIn unikt, er den tette knytninga mellom personlege profilar (tilsette) og bedriftssida (firmaet).
Det vi opplever mest respons på, er når dei tilsette sjølv er aktive og nyttar kanalen - versus at innhald blir posta frå eit ansiktslaust firmanavn. Kundane dine stoler rett og slett meir på ein person enn på eit firma - og her gir LinkedIn heilt unike moglegheiter.
Over ein million nordmenn
I dag har over ein million nordmenn over 18 år profil på LinkedIn. Her er fleire menn enn kvinner, jamt fordelt utover på alder. Det er også ei sosial plattform i vekst - der det blir delt nyttige tips og bransjeinnsikt. Det er lengre tekster og det er personleg. Her byr ein på seg sjølv, som representant for arbeidsplassen. Er du nysgjerrig på fleire tal, kan du sjå på rapporten frå Ipsos SoMe Tracker Q2, 2023:
Meir målretta annonsering
LinkedIn har óg eigen annonseringsplattform. Den store fordelen her er at LinkedIn sit på heilt anna informasjon enn kva til dømes Facebook gjer. Du kan målrette på t.d. bransje, stillingstittel, ansiennitet, utdanning og mykje meir. Spesielt nyttig for dei som arbeidar B2B!
Men! Annonsering på LinkedIn er etter vår erfaring relativt kostbart, samanlikna med mange av dei andre sosiale kanalane. Difor kan ein få vel så mykje igjen for å arbeide med den organiske synlegheita, før ein eventuelt hiv seg på annonseringa.
Nysgjerrig på å kome i gang med LinkedIn?
La oss ta ein uformell prat! Og så må du gjerne følge Gasta på LinkedIn (eller ein av våre tilsette) viss du allereie er der.