Login-konferansen 2023: Vanvittige moglegheiter med AI

“AI is pretty but humanity is beautiful”, oppsummerte Antonio Bechtle frå BM Boutique.

Webutviklar Simon har vore på teknologikonferanse i Litauen. Her er dei tre viktigaste tinga han lærde om kunstig intelligens.

Webutviklar Simon Falkauskas.

Konferansen Login 2023 fann stad i Vilnius 11.-12. mai, og webutviklar Simon tok turen for å få med seg siste nytt om kunstig intelligens - såkalla AI.

På scena stod 250 føredragshaldarar som tok for seg ulike tema knytt til den teknologiske utviklinga og bruken av kunstig intelligens.

Her er dei tre viktigaste tinga Simon lærde på konferansen:


1. Vanvittige moglegheiter med AI

Det er ikkje måte på alt ein kan gjere med dei nye AI-verktøya. Frå å skape unike bilde og illustrasjonar frå nokre få ord, til å skrive heile tekstar, korrekturlese og omsete til ulike språk. Eller kva med litt AI-generert musikk? Ein kan til og med få AI-en til å lage heile presentasjonar - komplett med slides og grafar.

På konferansen fekk Simon sjå mange av dei nyare verktøya i praksis, i lag med konkrete “user cases” på korleis ein kan nytte verktøya. Snakkar om kreativitetsboost! Dette skal vi i Gasta ta med oss vidare inn i arbeidet vårt, for å kunne hjelpe kundane våre på ein endå betre måte.

2. Ikkje undervurder menneskeleg innsikt

Som dei sa på konferansen: “AI is pretty, but humanity is beautiful”.

Ein god kampanje vil alltid vere avhengig av menneskeleg kreativitet, innsikt og empati. Dei nye verktøya kan vere til stor hjelp, og kan gjere kvardagen vår både enklare og meir effektiv. Men innan markedsføring og kommunikasjon vil det alltid vere behov for eit menneskeleg element.

Difor er det ikkje fare for at heile Gasta-gjengen vil bli erstatta med robotar med det aller første ;)

Her er eit eksempel frå konferansen, ein reklamefilm basert på humor og menneskelege preferansar - noko AI ikkje ville greidd:

 

3. Raskast veksande teknologien i historien!

Det er faktisk berre fem månadar sidan tenesta Chat GPT blei lansert, men allereie er det den raskest voksande teknologien i historien. Allereie har det vore laga fleire versjonar av tenesta, og no er vi komne til Chat GPT 4.

Utviklinga går verkeleg rekordraskt, så her er det berre til å henge med. Bildet under viser til dømes utviklinga som har skjedd i eit av bildeverktøya på berre eit lite år.

Vi i Gasta gler oss til å sjå korleis vi kan nytte AI-verktøy i lag med kundane våre framover, og følger med!

Utviklinga går vanvittig raskt! I 2022 laga denne AI-en heilt enkle illustrasjonar, i 2023 lagar den nesten heilt fotorealistiske bilde.

Ingvild Hagen

Ingvild er digital marknadsførar i Gasta design & kommunikasjon. Ho jobbar fast med mange av kundane våre, og er eksperten vår på digital annonsering.

ingvild@gasta.no

Forrige
Forrige

Fem AI-verktøy du burde teste

Neste
Neste

Utforsk digital historieforteljing