Ein skikkeleg «makeover» for Brødrene Aa

Merkeløftet «Energy efficient ferries in carbon fibre» utvikla vi i lag tilbake i 2016, og står seg fint også i dag.

Ole André Aa er sals- og marknadssjef i Brødrene Aa.

–  Vi hadde behov for eit meir stilreint design som viser premium kvalitet.

Ole André Aa er sals- og marknadssjef i Brødrene Aa og har vore sentral i utviklinga av ny nettside og oppdatert profil. Logo, fontar, fargar og design er fornya.

Justert logo med ny blåfarge.

– Det starta vel eigentleg med at vi burde oppgradere til Squarespace versjon 7.1, altså av meir tekniske årsaker. Men når vi starta innsåg vi at vi ønskte ei skikkeleg oppgradering av heile merkevara vår, fortel marknadssjefen.

– Vi trengte eit løft.

Sjå den nye nettsida her.

Frå blå til «finare» blå

Logo og nettside vart utvikla i 2013, då også i Squarespace. Ting har vore tilpassa i løpet av dei elleve åra, men no vart det tid for ein real «makeover». 

– Blå har alltid vore fargen vår. Det er en maritim farge og er den fargen vi har på arbeidskler, hjelmar og ikkje minst fleire av skroga våre. Så vi ville ikkje vekk frå den klare blåfargen, men få til ei justering og ei modernisering.

– No har vi gått frå blå til «finare blå». Heile designet på nettsida er meir minimalistisk og stilreint. Det viser kvalitet og eg meiner vi har fått til ein wow-effekt, fortel Aa.

Framheve båtdesign

Tidlegare har nettsida vist leveransar, men ikkje i like stor grad framheva designet på båtane. Ikkje alle veit at Brødrene Aa utviklar båtar frå teiknearket til sjøsetting. Dei har eigne designarar som jobbar tett med ingeniørane.  

– Dette ville vi kommunisere betre, og det meiner eg vi gjer no. I tillegg har alle båtleveransane våre, vessel deliveries, fått god plass på nettsida med fine bilde. Det gir ein følelse av premium kvalitet – slik vi ønskjer.

Langvarig kundeforhold

Visjonen i Gasta er å skape suksesshistorier og gode kunderelasjonar. Difor er langvarige kundeforhold noko vi verdset høgt. Med ein kunderelasjon tilbake til 2003, kjenner vi Brødrene Aa godt, noko som også gjer samarbeidet effektivt.  

– Det er lett å formidle kva vi ønskjer og få det slik vi ser for oss. Det er godt å ha ein samarbeidspartnar som er ekspertar i verktøyet vi jobbar i, og som også er så gode på design. Samarbeidet vårt er effektivt og bra – Gasta leverer og er fine å jobbe med.

 

Nettside i Squarespace frå 2013.

Nettside i Squarespace frå 2016

Astri Knudsen

Astri er innhaldsprodusent og dagleg leiar i Gasta design og kommunikasjon. Ho er oppteken av å finne dei gode historiane og gi deg målretta innhald.

astri@gasta.no

Forrige
Forrige

Er nettsida di god nok? Her får du ei sjekkliste

Neste
Neste

Bruk av generativ kunstig intelligens (KI) i Gasta