Er nettsida di god nok? Her får du ei sjekkliste
Ei stund sidan du gjorde noko med nettsida di? Ikkje la den bli utdatert og usynleg.
Her skal du få ei sjekkliste på 4 punkt du kan bruke for å sjå om nettsida di er god nok. Er svaret nei på fleire av punkta, eller du er usikker: Ta kontakt med meg, så kan vi hjelpe deg å gjere justeringar.
Sjekkliste:
1. Har du nyaste versjon av Squarespace?
Alle nye nettsider blir laga i ny og betre versjon av Squarespace (7.1). Mange av kundane våre har allereie konvertert eksisterande nettside. Ikkje du? Då bør du hive deg rundt.
2. Gjer nettsida jobben sin?
Alle nettsider har sine mål: få inn bestillingar, skape bookingar, innhente kontaktskjema - eller noko anna. Oppnår du målet ditt med dagens nettside?
3. Er informasjonen oppdatert og riktig?
Utdaterte tilsette-lister, manglande tenesteområde og andre feilaktige opplysningar kan skape forvirring. Brukaren må kunne stole på informasjonen på nettsida di. Kan han det?
4. Gir nettsida riktig inntrykk av bedrifta?
Nettsida kan ofte vere første møte med merkevara di. Ho skal representere bedrifta på ein god måte i form og tone. Gjer ho det?
Er svaret nei på fleire av punkta kan det vere lurt å kontakte Gasta.