Markedsføring i 2024: Dette blir viktig

Er bedrifta di i gang med planlegginga for 2024? Her er fire ting vi meiner blir viktige for kundane våre.

1. Jobb med kanalmiks og strategi

Store amerikanske aktørar som Google og Meta (eier av Facebook og Instagram) er i hardt ver. Om noko, har dette vist oss at det kan løne seg å ikkje legge alle egga i éin kurv. Kanskje tida er inne for å vurdere nye kanalar? Kva med å spre annonsebudsjettet litt utover, og prøve noko nytt? Fleire kanalar betyr fleire bein å stå på.

På samme tid blir fleire meir bevisste på at annonsekronane forsvinn ut av landet. Kva med å vurdere annonsering gjennom norske løysinger og aviser til neste år? Hugs at sistnevnte er med på å halde liv i lokalpressa vår.

Les også: LinkedIn for bedrifter - kvifor det?

2. Spør kunstig intelligens om hjelp

Med nye verktøy som ChatGPT blir det enklare å få hjelp til arbeid med nettside og sosiale medium. Treng du eit blogginnlegg eller tekst til ein Facebook-post? Spør tenesta om hjelp, så får du eit tekstforslag på eit blunk. Alt du treng er å tilpasse og kvalitetssikre. Enklare blir det ikkje! Squarespace har óg utvikla sin eigen skriveassistent, som vi håper vil bli tilgjengeleg på norsk etter kvart.

Les også: Fem AI-verktøy du burde teste

3. Ny versjon av Squarespace

I år lanserte Squarespace ein heilt ny plattform, Squarespace 7.1. Med denne blir ein meir rigga for framtida: betre SEO-funksjonalitet, tilpassing til universell utforming, nye designmoglegheiter og enklare brukargrensesnitt. Det er på den nye plattformen at Squarespace vil drive mest utvikling dei neste åra.

Vi anbefaler alle kundane våre som framleis har Squarespace 7.0, å konvertere til ny plattform.

4. Video funkar fortsatt best

Mengden videoinnhald har hatt ein eksplosiv auke dei siste åra, og det er ingenting som tyder på at det kjem til å endre seg til neste år. Vi er blitt vande med Reels og korte videoar, og YouTube har for første gang overgått Netflix. Kortform-video til sosiale medium vil fungere godt som del av markedsføringa også i 2024.

Lyst på litt hjelp med planlegging av kommunikasjonsarbeidet for 2024? Ta gjerne kontakt med oss.

Ingvild Hagen

Ingvild er digital marknadsførar i Gasta design & kommunikasjon. Ho jobbar fast med mange av kundane våre, og er eksperten vår på digital annonsering.

ingvild@gasta.no

Forrige
Forrige

Arkitekten og Ålhytta

Neste
Neste

God jul og godt nyttår frå alle oss i Gasta