Her er trendane for markedsføring i 2025

Kva blir viktig i den strategiske planlegginga for merkevarevekst i året som kjem? Vår markedsførar Ingvild gir deg svara frå Kantar Marketing Trends 2025.

Undersøkinga Marketing Trends 2025 er utarbeida av ekspertar frå Kantar. Dei ser på makro- og mikrotrendar som markedsførarar bør vurdere som ein del av den strategiske planlegginga for merkevarevekst i året som kjem.

Nokre av dei viktigaste trendane som blir dekka i undersøkinga er berekraft, livestreaming, sosiale medium og generativ KI. I denne saka får du vår oppsummering.

Ekstra interessert? Last ned heile rapporten her

1. Synlegheit på tvers av plattformar og kanalar

Lineær-TV har framleis størst rekkevidde, men halvparten av befolkninga seier at dei føretrekk straumetenester. Det kan gjere det utfordrande for marknadsførarar å vite kor dei skal plassere annonsar. Globalt planlegg 55 % av markedsførarar å auke investeringane i TV-strauming. Folk verdset variasjon, nokon likar abonnementsbaserte tenester som Netflix medan andre trivst med YouTube.

For å lukkast i 2025 må du ta omsyn til variasjonane og plassere reklame på tvers av ulike plattformar for å nå ditt publikum.

2. Slik skil du deg ut på sosiale medium

Globalt svarar kun 31 % at dei legg merke til annonsar på sosiale medium, og utviklinga går nedover. Dette gjeld no alle aldersgrupper.

For å skilje seg ut må ein lukkast med humor, musikk, sterke visuelle element, nye kameravinkler og kreative historier. Annonsar må vere godt gjennomtenkte og laga slik at ein forstår meininga med éin gong.  

3. Meir fokus på at AI krev pålitelege data

43% av forbrukarar er skeptiske til AI-genererte annonsar. Transparens blir avgjerande for å oppnå tillit. Sjølv om 68% av markedsførarar er positive til generativ AI, manglar dei framleis ferdigheiter innan feltet.

For å bruke generativ AI til innsikt og innhaldsproduksjon i 2025 er det heilt naudsynt med pålitelege, relevante og haldbare data over tid. Det gir tryggleik i datadrevne beslutningar.

4. Berekraft og marknadsføring må integrerast

Globalt oppgir 93 % av forbrukarar at dei ønsker ein meir berekraftig livsstil, men berre 22 % er aktive når det gjeld berekraft. Denne gruppa vil auke framover, og i 2025 vil vi sjå ny lovgiving rundt berekraft i fleire store markedsøkonomiar. Det vil gje påverknad på selskapa og deira markedsføring.

I 2025 må marknadsførarar sørge for berekraftige initiativ som er relevante for forbrukaren og på samme tid gir vekst.

5. Mangfald og inkluderingsarbeid er vinn vinn

I ei verd prega av demografiske endringar, blir inkludering viktigare. Globalt legg 8 av 10 vekt på bedrifta sitt arbeid med mangfald og inkludering når dei skal kjøpe nye produkt og tenester. Nye generasjonar forventar at alle blir akseptert som dei er.

I 2025 blir inkludering både ei etisk forplikting og ein strategisk vekstfaktor som kan gje lojalitet og positiv oppfatning av merkevara.  

Lyst til å diskutere din markedsføringsstrategi for neste år? Vi tar gjerne ein prat, berre ta kontakt

Ingvild Hagen

Ingvild er digital marknadsførar i Gasta design & kommunikasjon. Ho jobbar fast med mange av kundane våre, og er eksperten vår på digital annonsering.

ingvild@gasta.no

Forrige
Forrige

Takk for eit spennande, krevjande og lærerikt år

Neste
Neste

– Vi er heilt fullbooka for julebrunsj ut året