– Vi er heilt fullbooka for julebrunsj ut året

Med velplasserte digitale annonsar nådde Allmuen restaurant svoltne bergensarar til riktig tid og stad. Slik sørga vi saman for at det nye konseptet deira blei fullteikna.

– Eg har ikkje éin stol igjen, og det er venteliste med folk for alle brunsjdagar. Utruleg gøy!

Restauranten Allmuen, midt i Bergen sentrum, beskriv seg sjølv som ein “Nabolagsbistro med smaker fra hele verden på lokale ingredienser”.

Dei har eit spennande konsept med lokale råvarer og sesongbasert meny, og er blant anna kåra Årets lokalmatrestaurant 2023 på Bergen matfestival.

Gasta har samarbeidd med Allmuen om annonsering i snart to år, og då er det ekstra kjekt å sjå at dei lukkast.

Julebrunsj slo an

Får du lyst til å dra på julebrunsj?

Som restaurant kan det være utfordrande å skaffe nok bestillingar på dagtid. Fram mot jul har dei difor kjørt i gang konseptet julebrunsj, der dei serverer herleg julemat kvar laurdag kl. 11-15.

Jobben til Gasta var å kommunisere dette ut til riktig målgruppe og sørge for bestillingar.

Konseptet blei fort fullbooka, og dei måtte legge til fleire brunsjdagar på søndagar. Vi oppdaterte annonsane og kommuniserte at “Wow, for en fantastisk respons! Nå har vi lagt til flere brunsjdager, så book i dag”. Det fungerte knallbra, og no er absolutt alle julebrunsjane fulltegna:

– Vi er heilt fullbooka for julebrunsj absolutt alle dagar ut året, fortel dagleg leiar Jana Bergmann.

Så, kva var nøkkelen til suksess?

Allmuen har gode fotografar, i tillegg til å vere dyktige på matstyling. Det er nesten så ein kan lukte maten gjennom skjermen!

Gasta sin jobb er å gje råd til bodskap, kva type video og bilde som trengst, og å sørge for at desse når riktige personar til riktig tid gjennom betalt annonsering.

Denne gongen brukte vi ein kombinasjon av foto og video, og var tydeleg i all kommunikasjon: Dette er eit nytt konsept, det er begrensa antal dagar og det passar ypparleg for deg som skal på julehandel. Ikkje minst må du hugse å reservere bord, for her blir det fort fullt!

Bodskapen blei kommunisert først og fremst gjennom Meta sitt nettverk som Facebook og Instagram, i form av betalte annonsar. I kombinasjon med god informasjon på nettside og organisk innhald.

Eit godt konsept, god timing, riktig annonsebudsjett og engasjerande annonsar ga fulltreff. Moro når kunden får så god respons!

Allmuen Bistro ligg midt i Bergen sentrum.

Vi er heilt fullbooka for julebrunsj absolutt alle dagar ut året. Altså eg har ikkje éin stol igjen, og det er venteliste med folk for alle brunsjdagar. Utruleg gøy!

Jana Bergmann, dagleg leiar i Allmuen

Tett samarbeid over tid

Denne måten å jobbe på likar vi i Gasta godt. Over tid har digital marknadsførar Ingvild samarbeidd med dagleg leiar Jana Bergmann om kva som skal ut, når og korleis. Dei gjer litt og vi gjer litt, og saman blir det beste resultat!

For ordens skuld: Squarespace-nettsida si har dei laga sjølv. Men dei har behov for rådgiving innan marknadsføring og spesielt betalt annonsering. Sidan januar 2023 har vi hatt ein fast avtale på dette, kor Ingvild gir råd til kampanjestrategi, styrar annonsar på alle plattformar og rapporterer/analyserer resultat med fast intervall.

Interessert i hjelp med digital marknadsføring? Ta gjerne kontakt med oss.


Og heilt til slutt: Viss ikkje videoen under vekker både julestemning og matlyst, så vet ikkje vi.

Ingvild Hagen

Ingvild er digital marknadsførar i Gasta design & kommunikasjon. Ho jobbar fast med mange av kundane våre, og er eksperten vår på digital annonsering.

ingvild@gasta.no

Forrige
Forrige

Her er trendane for markedsføring i 2025

Neste
Neste

Korleis nå dei unge i alderen 17-23 år?