Festivalsuksess med digital annonsering

Før sommaren hadde vi gleda av å samarbeide med Norsk Countrytreff om annonsering i digitale kanalar. Det har gitt svært gode resultat.

For nokre år sidan laga vi nettside for Norsk Countrytreff i Breim. I etterkant har vi vore fast partnar på grafisk utforming av plakatar, brosjyrer og anna materiell.

Etter to år med avlyst festival grunna koronapandemien, var dei klare for å satse skikkeleg i 2022. Dei ville leggje hovudvekta av markedsføringa til digitale kanalar, og vi er glade for at dei valde Gasta som partnar i prosjektet.

Markedsføring tilpassa målgruppene

Med festivaldeltakarar i ulike aldersgrupper og frå ulike delar av landet, var det viktig å velje riktige kanalar og format på annonsane.

Vi har mellom anna laga bannerannonsar i Google sitt Display-nettverk, annonsar i lokalavisene hjå Amedia og videoannonsar på Facebook, Instagram og Snapchat.

Slik har vi sikra variasjon i annonseringa og målretta annonsane mot dei riktige menneska.

Publikumsrekord tross færre markedskroner og dårleg vêr

Då sjølve festivalen braka laus i Breim, var det rekordmange som trossa vêret og stilte seg i kø for å kome inn. Med rett under 18.000 selde billettar, blei det eit rekordår for Countrytreffet.

Og dét på tross av at dei i år hadde nytta færre markedskroner totalt enn kva dei har gjort tidlegare år. Fantastisk!

Dette har vore eit særs moro prosjekt å få vere ein del av. Takk for tillita og eit godt samarbeid!

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Nyheit: Endeleg bildebibliotek i Squarespace

Neste
Neste

Hugsar du å sjekke nettsida på mobil?