Hugsar du å sjekke nettsida på mobil?
Gjer du endringar på nettsida di, bør du hugse å sjekke korleis det ser ut på mobil. Slik sjekkar du mobilversjonen enkelt i Squarespace.
Det er sannsynleg at mange av kundane dine ser nettsida di på ein mobilskjerm. Difor anbefaler vi at ein sjekker at mobilversjonen ser fin ut før ein seier seg nøgd med ein ny artikkel eller underside på nettsida.
Heldigvis treng du ikkje finne fram mobilen for å sjekke dette. Squarespace gjer det enkelt ved at du rett i verktøyet kan sjå korleis sida di ser ut på mobil og nettbrett.