Nytt videoprosjekt for Lerum: – Vi vil vise det ekte og ærlege
Lerum har hatt suksess med videoane vi laga om berekraft i fjor. No er vi gang med nytt samarbeid om 10 nye kort-videoar.
Dette er videoar som varar under eit minutt, filma med mobilen - laga for sosiale medium og mobilvisning.
– Slike videoar har stor verdi for oss i Lerum. Dei er ekte og ærlege, og viser kvardagen på fabrikken vår i Sogn. Vi ønskjer å fortelje meir om dei tilsette, korleis vi jobbar og kva verdiar vi har – i tillegg til produkta våre, fortel Marte Myklebust Åril, markedssjef i leum.
Les også: Berekraftkommunikasjon for Lerum
Folk vil ha video!
Fleire av kundane våre ønskjer å bruke meir video - og det gjer dei lurt i. Google pusher meir og meir video i søkeresultatene. I tillegg søker fleire også på YouTube, TikTok og Instagram for å finne svar, heller enn å gå via Google.
Så i staden for å skrive ein lang forklaring, kan du gjere det kjapt og enkelt på video. Video auker sjansen for at fleire får med seg heile forklaringa betrakteleg.
Nye saftflasker
Dette la vi til grunn då vi laga ein serie videoar for Lerum, i forbindelse med lansering av fleire nyheiter.
Lerum gjer endringar på alle saftflaskene sine, og brukar video til å spreie bodskapen i fleire kanalar. Under kan du sjå dei tre første. Desse videoane ligg også på lerum.no.
1. Meir berekraftig saftflaske
2. Liten endring, stor effekt
3. Nyheit: Solbærsirup utan tilsett sukker
Nysgjerrig på å bruke video i kommunikasjonen din? Ta kontakt med oss.