Nye nettsider til Nor Tekstil
Med over ein milliard i omsetning og meir enn 1200 tilsette er Nor Tekstil leiande på tekstiltenester i Norge. Vi brukte desember på å oppgradere nettsida.
Vi i Gasta har hatt gleda av å ha Nor Tekstil som kunde sidan 2005 og fått vere med på den fantastiske utviklinga selskapet har hatt.
I desember opna dei nytt kundesenter på hovudkontoret i Florø, og det var også bakgrunnen for at nettsidene fekk seg ei oppgradering.
Fokus på betre presentasjon av produkt og løysingar, betre integrasjon av webbestilling og ikkje minst fokus kundesenteret og nye, felles kontaktpunkt for kundar var sentralt i utviklinga av ny nettside.
Nettside basert på Squarespace
Forrige generasjon nettsider var også basert på publiseringsverktøyet Squarespace. Nor Tekstil sitt kundesenter har dyktige folk som etter kort opplæring på 2-3 timar tok verktøyet i bruk.
Høyrt om sticky menues?
På nortekstil.no tok vi i bruk “sticky menues”, dvs. at ein av menyane følgjer deg når du scroller nedover. Det var viktig for kunden å fokusere på kundesenteret og deira kontaktinformasjon ligg i den “sticky” menyen. Kult (for oss webnerds, i allefall…)