Slik finn du riktige nøkkelord å satse på
Val av ord utgjer ein stor forskjell i kor enkelt folk finn deg. Difor må du først finne ut kva nøkkelord som er viktige for deg. Under finn ei veiledning for å hjelpe deg vidare.
Kvifor nøkkelord er viktig:
Internett er ein marknadsplass. Uansett kva tenester du tilbyr, konkurrerer du med mange andre om same merksemd. Ved å bruke riktige nøkkelord, hjelper du søkemotorane å koble nettsida di mot desse søkeorda.
Ulike typer nøkkelord:
Head: Kortare nøkkelord med større volum, t.d.: «fotograf», «sko» eller «keramikk». Nøkkelorda når eit breiare publikum, med det er vanskelegare å få høg rangering med desse nøkkelorda.
Long-tail: Nøkkelord som er deskriptive multisøkeord, t.d.: «bryllupsfotograf Oslo», «røde sko dame» eller «malte keramikkvaser». Nøkkelorda er meir spesifikke, og gjer det enklare å få høg rangering.
Steg 1 - Lag ei liste
Start med å utforme ei liste med alle nøkkelord du trur folk søker på for å finne nettopp di nettside. Ikkje avgrens deg her, finpuss heller lista seinare.
Målgruppe: Tenk på kva person du ønskjer merksemd frå. Kva ønskjer dei? Kva utfordringar har dei? Høyr gjerne med familie/venner eller kollegaer kva dei ville søkt om dei trengde dine tenester.
Produkt/teneste: Lag ei liste over produkt/tenester og finn ord som beskriv dei. Sjølv om du ikkje sel konkrete produkt, tenk kva kunden skal sitje igjen med, t.d. «informasjon om fuglar».
Di merkevare: Lag ei liste som fortel kva nettsida og merkevara handlar om, som namn, industri, spesialitetar m.m.
Konkurrentar: Sjå på konkurrenteane sine nettsider. Kva ord nytter dei?
Relaterte søk: Skriv orda på lista di inn i Google og sjå kva Google føresler som relevante treff til desse nøkkelorda.
For deg som har Squarespace, kan du bruke Squarespace sitt eige analyseverktøy - Search Keywords - for å sjå kva nøkkelord som blir mest brukt av besøkande på nettsida.
Steg 2 - Finjuster lista
Benytt deg av lista frå steg 1 for å finne kva nøkkelord du skal prioritere. I dei fleste tilfella er du på jakt etter nøkkelord som:
har nok breidde, slik at ein veit det er ord folk søkjer på.
er spesifikk nok til at du kan få rangering på førstesida.
er relevante nøkkelord for nettsida, og kan nyttast for å lage verdifullt innhald og gode brukaropplevingar for besøkande.
Smarte tips:
Vanskegrad: Kor lett eller vanskeleg det er å oppnå suksess med eit nøkkelord er ein kombinasjon av kor kor ofte folk søker på ordet og kor mange andre nettsider som prøver å bli rangert i nøkkelordet sitt søkeresultat. Ein kan gjerne ha nokre vanskelege nøkkelord, men det er smart å ha ei blanding med nøkkelord der det er enklare å bli høgt rangert.
Relevans: Unngå nøkkelord som har lite relevans til nettsida og som har lite søke-volum. Eit eksempel på eit ord med lav relevans for di nettside kan vere konkurrentens namn.
Noverande nøkkelord: Om nettsida er allereie etablert, er det lurt å behalde nøkkelord du allereie rangerer på. Du kan få oversikt over desse nøkkelorda ved å klikke på Analytics i Squarespace og klikke på Search Keywords.
Bedriftsnamn: Hvis namnet på bedrifta ikkje rangerar høgt når ein søkjer på namnet, så vil det vere smart å prioritere det som nøkkelord.
Steg 3 - Legg til nøkkelord på nettsida
Søkemotorar ser på plasseringa av nøkkelord på nettsida, og prioriterar nokre områder på nettsida over andre. Her er ei liste over gode stader å plassere dine nøkkelord, lagt i prioritert rekkefølge :
Domene navn
Nettside tittel
URL/Nettside adresse
Side tittel
Overskrift (heading 1, heading 2, heading 3)
‘Body text’ (sjølve innhaldet)
Kategorier
Beskrivelser og tittler for bilde blokker og galleri
Filnavn på filer og bilder
Alt tekst
Hugs at innhaldet på nettsida di må vere laga for at målgruppa skal lese det. Teksten må være naturleg og skriven for at lesaren faktisk skal få noke ut av det. Hugs at høge besøkstall og lang lesetid sender sterke signalar til google om at du er ei truverdig kjelde på akkurat dette punktet. Spamming av nøkkelord kan og vil bli oppfatta på ein negativ måte hjå besøkende og søkemotorar, og Google kan straffe deg ved at du ikkje rangerer i det heile tatt.
Følgjande område påverkar ikkje rangering i søkeresultat, men er effektiv for å gje besøkande ein positiv brukaroppleving:
Metabeskrivelse nettside - Skriv ein forklarande tekst til kva lesaren kan forvente å finne etter dei har lest innhaldet på den aktuelle sida. Ha gjerne med aktuelle søkeord i denne teksten. Sjølv om beskrivelsen i seg sjølv ikkje gir rangering i Google, er det ein viktig tekst for at besøkande skal klikke inn på sida. Så hugs nøkkelord, men hugs også at teksten skal vere seljande.
Metabeskrivelse undersider - Du bør absolutt legge inn metabeskrivelse for dei enkelte undersidene. Unngå å bruke dei same tekstane. Google er ikkje glad i duplisering.
Steg 4 - Følg med på resultata
Det kan ta tid før endringane ein gjer faktisk gir effekt på rangeringa nettsida har i søkeresultat. Søkemotoroptimalisering er difor ingen “quick-fix”, men eit kontinuerleg arbeid. Det kan ta månader eller opp mot eit år før du kan sjå dei store endringane. Likevel er det noken ting du kan gjere. Kor ofte søkemotorar indekserer nettsida di er utanfor din kontroll, men du kan be Google (og Bing) om å indeksere nettsida for å hjelpe søkemotorane å finne det nye innhald på nettsida di. Når det nye innhaldet er indeksert, kan det fortsatt ta litt tid før rangeringa i søkeresultat endrar seg. Kor høgt ein blir rangert blir påvirka av mange ulike faktorar, og nøkkelorda er berre ein del av det.
Kor mange nøkkelord skal du prioritere?
Det er vanskeleg å gje eit eksakt svar på kor mange ord eller ordkombinasjonar du skal optimimalisere for. Men dersom du har avgrensa ressursar og tid, vil vi seie at 4-5 nøkkelord bør vere maks. Med eit mindre antal kan du lettare fokusere på dei, og oppnå gode resultat. Altså 4-5 ord eller ordkombinasjonar - det er ambisiøst nok for dei fleste!
Her er fleire tips for å sjå om dine nøkkelord har effekt over tid:
Nettsida sine analyseverktøy - bruk Search Keywords i Squarespaceog følg med på korleis nøkkelorda dine utviklar seg.
Google Analytics - Bruk Squarespace sin integrasjon med Google Analytics for å få meir informasjon om trafikk.
Søkemotor rangering - Åpne ei incognito-fane i nettlesaren, gjer søk på nøkkelorda og sjekk din plass i søkeresultat. Du er ikkje heilt annonym, men du vil få eit betre bilde enn om du ikkje har på inkognito.
Ditt SEO-arbeid bør vere ein kontinuerleg prosess. Etter kvart som tida går, sjekk din rangering ein gong kvar månad. Bytt ut dei nøkkelorda du ikkje klarar å rangere på, oppdater innhaldet på sida med dei nye nøkkel orda og generelt, følg med på konkurrentane og hald deg oppdatert på besøkstal for å sikre deg at nettsida di er relevant.
Tips: Å finne riktige nøkkelord er første del av jobben. Her finn du fleire tips for god SEO.
Om du ønskjer hjelp til eit eller fleire av desse punkta, ta gjerne kontakt med meg. Altertativt kan du sjekke ut vår SEO-pakke for å få hjelp til å ta en SEO-status på di nettside.