Strengare krav til cookies - er nettsida di tilpassa?

1. januar 2025 tredde ei ny, norsk ekomlov i kraft. No blir det stilt endå strengare krav til korleis informasjonskapslar (cookies ) blir handtert på nettsida di.

Samtykke til cookies må innhentast i eit cookiebanner. Eksempel frå nettsida til kunden vår Linn Bad.

Lov om elektronisk kommunikasjon (ekomloven) blei innført i 2003. Dette var før smarttelefonen blei vanleg og på ei tid der berre halve befolkninga hadde internett heime. Då seier det seg sjølv at det er på høg tide med ei modernisering av lovverket.

Med ny ekomlov frå 1. januar 2025, er det klarare reglar for korleis ein skal be om samtykke til cookies på nettsida. På same tid blir den norske loven no samkjørt med EU sitt eksisterande direktiv.

Lurar du på kva ein coockie er? Datatatilsynet skriv: En informasjonskapsel, ofte kalt cookie, er en liten tekstfil som lastes ned og lagres på brukers datamaskin når brukeren åpner en nettside.

Endringar med ny ekom-lov:

Den nye lova krev at alle nettsider innhentar samtykke til bruk av cookies, og at samtykket er eksplisitt og aktivt. Dei viktigaste punkta er: 

  1. Aktivt samtykke: Brukaren må aktivt tillate alle cookies som ikkje er strengt naudsynte for grunnleggande funksjonalitet på nettsida.

  2. Separat samtykke for ulike cookies: Brukaren skal kunne gi/avslå samtykke til spesifikke typar cookies. Eit generelt "aksepter alle" er ikkje lenger tilstrekkeleg. 

  3. Brukarvennleg og opent: Samtykket må bli innhenta gjennom tydelege og enkle mekanismar, utan skjulte val eller villeiande design. 

  4. Trekke tilbake samtykke: Brukaren skal kunne trekke tilbake samtykket gjennom ein tydeleg funksjon på nettsida.

Med andre ord: Du må truleg gjere endringar i cookiebanneret ditt - eller få på plass eit (om du ikkje allereie har det).

La oss gjere nettsida di klar

Som eigar av nettsida er det du som er ansvarlig for at den følger dei nye reglane. Dette ligg det ikkje automatikk i. Men vi i Gasta hjelper deg gjerne med å sjekke nettsida di mot lovverket og endre oppsett på eksisterende cookiebanner - eller sette opp nytt.

  1. For dei fleste kundane våre er Squarespace sitt nye cookiebanner godt nok. Denne må vi berre installere. Alt vi då treng er ein time på å fikse oppsett og ordlyd i tråd med det nye lovverket.

  2. Kundar med meir avansert bruk av cookies, via t.d. Google Tag Manager, må bruke ei ekstern løysing for å oppfylle krava. Her kan Cookiebot vere eit godt alternativ. Ei slik løysing krev eit månadleg abonnement. Her må vi vite litt meir før vi kan estimere tidsbruk og pris.

Bestill hjelp med cookiebanner:

Ingvild Hagen

Ingvild er digital marknadsførar i Gasta design & kommunikasjon. Ho jobbar fast med mange av kundane våre, og er eksperten vår på digital annonsering.

ingvild@gasta.no

Neste
Neste

Kundebasen din er meir verdifull enn nokon gong