Kundebasen din er meir verdifull enn nokon gong
I 2025 blir det avgjerande for marknadsføringa di at du prioriterer å bygge relasjonar og nettverk.
I ei verd med stadig fleire kommunikasjonskanalar og stor konkurranse om merksemda, kan det kjennest vanskeleg å nå ut. I tillegg kjem det stadig nye reglar for personvern som gjer det utfordrande å treffe med målretta annonsering.
Vi spår at ein sterk kundebase blir det viktigaste du har i året som kjem.
Vanskelagare å målrette annonsar
Frå 1. januar tredde ei ny norsk ekomlov i kraft, med strengare krav til cookies og personvern. Dette gir ein meir krevjande situasjon for bedrifter som annonserer i digitale kanalar.
Moglegheitene for å drive målretta annonsering og remarketing-kampanjar blir nemleg færre, fordi ein no må ha aktivt samtykke for å vise annonsar.
Relasjonar blir avgjerande
For at folk skal ha lyst til å motta markedsføring frå deg, blir relasjonen avgjerande. Skal du tiltrekke og behalde nettverk, krev det at du bygger tillit og gir verdi.
Målgruppa må få noko igjen for å følgje deg, melde seg på nyheitsbrev eller tillate annonsar. Dette kan vere inspirasjon og kunnskap, underhaldning, eksklusiv tilgang, rabatterte priser eller andre belønninger.
Like viktig er det å opptre ærleg, ekte og troverdig i kommunikasjonen.
Kommuniser direkte med kunden din
Invester i å bygge ein verdifull kundebaser, og ha ein strategi for å samle inn e-postadresser og SMS-mottakarar. Dette gir moglegheit for å kommunisere direkte til dei viktige kundane dine. Ikkje minst er det “gratis”, sett mot andre eksterne kanalar som ofte krev at du legg igjen annonsekroner.
Lag deg ein god nyheitsbrevmal og bygg mottakerliste(r) som du kan kommunisere direkte til. Med Squarespace E-Mail Marketing får du nyheitsbrev som ein integrert del av nettsida. Skriv ein artikkel på nettsida, hent den inn i nyheitsbrev med eit tastetrykk og send til adresselista. Enklare kan ikkje nyheitsbrev bli.
Treng du litt inspirasjon, kan du sjå våre beste tips til å skrive nyheitsbrev som engasjerer.
Eit av våre beste tips for 2025 er å fokusere på relasjonar og nettverk. Treng du hjelp med å kome i gang? Ta kontakt for ein uforpliktande prat.