Søkemotoroptimaliserings-tips: Lag FAQ-sider

SEO

For ei stund til laga vi ei FAQ-side (“Frequently asked questions”) med spørsmål og svar vi opplever potensielle kundar stiller rundt Squarespace.

Vi la sida nederst i “footer”-menyen og forventa ikkje at så mange ville besøke sida.

Men det er interessant å sjå at Google fanga denne opp raskt. Ved søk på “Squarespace FAQ” er det denne sida som dukkar og ho har veldig bra besøk.

Kvifor er det smart å lage ei FAQ-side?

Hovudgrunnen til at du bør ha ei god FAQ-side er fordi det er sannsynlegvis er god kundeservice å ha det.
Men det er også kjent at Google likar FAQ-sider. Og det er ikkje så unaturleg. I dag skriv vi meir avanserte søk i Google, ofte som heile spørsmål. Viss ein av spørsmåla i FAQ`en matchar eit søk, er det grunn å tru at sida di vil komme opp i eit slik søk.

Ei slik FAQ-side gir ikkje enorm søketrafikk, men dei som kjem til FAQ-sida etter å ha gjort eit så spesfikk søk er sannsynlegvis interessert i produkt eller tenester du har.

Korleis lagar du ei FAQ-side?

Du kan gjere det enkelt. Set opp eit heilt vanleg side og bruk tekstblokk. Headingen på sida skal vere H1, spørsmåla set du i H2, svara i standard tekst. Vil du ha FAQ-sida litt meir avansert kan du sette inn ei Markdown-block, slik at svara kjem når du klikkar på spørsmåla (accordion). Då treng du ein liten java-script-kode som vi kan hjelpe deg. Ta kontakt - så hjelper vi deg raskt med det!

Sjå: Gasta Squarespace FAQ

Ellen Emilie Stangeland

Ellen er digital marknadsførar i Gasta design & kommunikasjon. Ho jobbar mykje med Squarespace og SEO. Ho likar å halde seg oppdatert om siste nytt frå Squarespace og anna teknologi.

ellen@gasta.no

Forrige
Forrige

Nytt i Squarespace: Timebooking

Neste
Neste

7 strategiar for å oppnå resultat med digital annonsering