7 strategiar for å oppnå resultat med digital annonsering

Å skilje seg ut i eit stort mangfald med bedrifter og merksemd frå forbrukaren vert stadig vanskelegere. 

Digital+annonsering.png

Korleis går ein fram for å trekke potensielle kundar inn på nettsida og konvertere dei til kundar utan å bruke massevis av pengar og tid?

Hemmelegheita er bruk av digital annonsering. Med forståing for korleis digital annonsering fungerer kan du få større kontroll over trafikkflyten til nettsida og skaffe deg fleire konverterande kundar. Eg vil gå så langt som å seie at digital annonsering er den mest effektive måten å auke trafikk til nettsida. Digital annonsering vert ikkje berre brukt som kortsiktig strategi for å auke trafikk, men er i tillegg ein drivar for den organiske trafikken til nettsida. Dette fordi dess meir trafikk det er på nettsida di, dess høgare vil nettsida bli rangert av Google - som igjen aukar den organiske trafikken. 

  1. Bodskap

    Bodskapet i annonsa bør vere forståeleg og ikkje minst overbevisande. Fordelane ved produktet bør komme klart frem og ein såkalla “Call To Action” bør formidlast slik at det kjem klart fram kva handling ein ønskjer frå forbrukaren. Ønskjer du at den potensielle kunden skal melde seg på nyheitsbrev, bør det vere ein synleg knapp for dette i annonsa.

  2. Unikt design

    Med mange konkurrentar på marknaden er det viktig å skille seg ut, slik at du blir lagt merke til av potensielle kundar. Bedriften sin identitet bør framhevast i annonseringa gjennom bruk av logo og fargar. Det er også viktig at innhaldet vert variert i kampanjen slik at publikum ikkje går lei av annonsane. I tillegg er det sentralt at annonsa er designa slik at bodskapen kjem tydeleg fram. Ved ein godt designa annonse vil du umiddelbart forstå kva bodskapen er.

  3. Gjennomfør analysar 

    For å lukkast med den digitale annonseringa er det viktig å gjere godt forarbeid i form av analysar. Det er viktig å ha kjennskap til marknaden, og kva mulegheiter og trusler som kan påverke resultatet for di bedrift. Vidare bør du vite kven dine konkurrentar er og kva dei er gode på. Kva strategiar bruker de for å nå ut til potensielle kundar? Har du gjort dette førearbeidet er det lettare å ta gode beslutningar i forhold til annonseringa. 

  4. Ha kjennskap til målgruppa 

    Sjølv den beste annonsa vil prestere dårleg viss annonsa er eksponert for feil målgruppe. Kjennskap til målgruppa er ein sentral suksessfaktor i digital annonsering. Lær deg så mykje som muleg om målgruppa di. Alt fra demografiske kjenneteikn som alder, kjønn og utdanningsnivå til psykografiske trekk som livsstil, interesser og verdiar er viktig å ha greie på for å kunne lukkast med marknadsføringa. Når du veit kven målgruppa er, er det lettare å avgjere korleis du bør kommunisere for å nå ut til målgruppa og ikkje minst kva kanal du bør ta i bruk for å nå ut.

  5. Val av riktig annonseringskanal

    Dei mest brukte digitale annonseringskanalane er Google og Facebook. Her er ein kort gjennomgang av dei to plattformane og i kva tilfeller dei bør brukast: 

    • Google: forbrukarar brukar Google når dei leitar etter informasjon. For å drive trafikk gjennom Google byr ein på søkeord som vil hjelpe folk å finne di bedrift og kan leie til konverteringer. Du konkurrerar då med andre bedrifter som annonserar med dei same søkeorda, der bedrifta som har bydd høgast får den mest gunstige plasseringa i Google, som er over dei organiske treffa. Du betalar summen du har bydd på kvar gang folk klikkar på di annonse. Sidan du berre betaler når folk klikkar inn på annonsa, treng du ikkje bekymre deg for å kaste vekk pengar på å eksponere annonsa for folk som ikkje er interessert i ditt produkt. I motsetning til søkemotoroptimalisering som tek tid å byggje opp, genererar Google Ads trafikk til nettsida med ein gang.

    • Facebook: plattformen vert brukt for å halde seg oppdatert på kva som skjer i det sosiale nærsamfunnet. Ein blar gjennom innlegg og bilder publisert av venner og bekjente. Som bedrift betalar ein for at sin annonse skal visast i nyheitsfeeden til målgruppa du har definert. Ein av fordelane med Facebook er at du kan setje er begrenset budsjett og fortsatt utvide rekkevidden ved å nå ut til potensielle kunder man ikkje ellers ville klart å nå ut til. Vi ser på Facebook-annonsering som ei kostnadseffektiv form for digital annonsering der du betalar for antallet som er eksponert for di annonse.

  6. Lag ein strategi for marknadsføringa 

    Det er viktig å setje klare, tallfesta og, ikkje minst, realistiske mål for annonseringa. Kva ønskjer du å oppnå? Kva er tidsramma? Kor stort budsjett ønskjer du å bruke? Desse spørsmåla er viktig å finne svar på før vi set i gang med annonsering.

  7. Ha ei god landingsside

    Landingssida er inngangen til nettsida. Potensielle kundar kjem inn på landingssida gjennom digitale annonsar, og kvaliteten på sida er avgjerande for om forbrukaren blir eller forlet sida. Landingssida må oppmuntre forbrukaren til å konvertere, og til å bli lenger på sida. Vi i Gasta legge stor vekt på landingssida fungerar godt på mobil.

Hjelp til digital annonsering? Ta kontakt med oss.

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Søkemotoroptimaliserings-tips: Lag FAQ-sider

Neste
Neste

Lofoten restaurant, Furset events og Deli lansert