Squarespace og Vipps?

Mange spør oss om integrasjon mellom Vipps og Squarespace. Her finn du svar på ofte stilte spørsmål knytt til dette.

Støtter Squarespace betaling via Vipps?

Det enkle svaret er nei. Squarespace si løysing for nettbutikk har ikkje betaling via Vipps som standard.

Kva andre betalingsmetodar støttar Squarespace i dag?

Dei integrerte betalingsløysingane i Squarespace er Stripe (som støttar dei fleste standard kredittkort), ApplePay og PayPal.

Kva er Squarespace Payments?

Squarespace lanserte i 2023 ei eiga betalingsløysinga kalla Squarespace Payments. Her er det støtte for alle standard kredittkort i tillegg til ApplePay, AfterPay og ikkje minst Klarna. Squarespace har annonsert at dei vil komme med støtte for fleire betalingsmetodar i nær framtid. Squarespace Payments er tilgjengeleg i USA, Canada og UK (2024). Vi har p.t. ingen informasjon om når Payments blir lansert i Skandinavia.

Kjem det støtte for Vipps i framtida?

Det er mange norske kundar som ønsker seg dette, så vi krysser fingrane! Men dersom det kjem støtte for Vipps, vil det vere via Squarespace Payments.
Selskapet har ambisiøse planar med Payments, og vi vil sjølvsagt oppdatere kundane våre den dagen Vipps eventuelt blir tilgjengeleg.

Kva alternativ har eg viss eg vil tilby Vipps?

Ønskjer du Vipps som betalingsmetode, har du likevel nokre alternativ:

  1. Manuell betaling via Vipps: Kundane dine betaler må gå inn i Vipps-appen og gjennomføre bestilling/betaling, uavhengig av nettsida di. Hugs at du på nettsida må skrive tydeleg korleis dette gjerast, og at kunden framleis må ha ein plass å sende inn bestillingsdetaljar. Vipps er då ikkje integrert på nettsida di, men dei kan eksistere side om side som eit forenkla alternativ.

  2. Vel ei anna nettbutikkløysing: Vi anbefaler Shopify som er eit meget godt verktøy. Sjølv om Gasta hovudsakeleg jobbar med Squarespace, har vi óg nokre kundar i Shopify og kan tilby hjelp med dette.


Make it stand out

Whatever it is, the way you tell your story online can make all the difference.

NYTT! Link by Stripe - gjer betaling enklare og raskare, litt som Vipps

I Squarespace sin nettbutikk får du Stripe som betalingsløysing. Denne dekker alle standard kredittkort. No er det blitt raskare å betale med kredittkort! Legg inn kortinformasjon i Link - hent den fram med eit klikk på alle nettbutikkar som støttar Link. Like raskt som Vipps!

Registrer inn kredittkorta dine på Link: Simple, secure one-click payments.


Vil du diskutere nettbutikk, betalingsløysingar og val av system med oss? Ta kontakt for ein uforpliktande prat.

Vidar Bondevik

Vidar er rådgivar og byråeigar i Gasta, og har lang erfaring med web, design, merkevarebygging og strategi.

vidar@gasta.no

Forrige
Forrige

Flåmsbana: – Effektive prosessar har gjort vegen frå bestilling til lansering kort

Neste
Neste

Slik kom avfallsselskapet SIMAS i gang på LinkedIn