Slik kom avfallsselskapet SIMAS i gang på LinkedIn
Det interkommunale avfallsselskapet i Sogn vil vise seg fram som ein attraktiv arbeidsgjevar, følge med i tida og nå nye målgrupper.
Det er mange gode grunnar til å kaste seg på LinkedIn-bølga. Kanalen er det sosiale mediet nordmenn stolar mest på, det er færre bedrifter tilstades og mindre konkurranse om merksemda. Ikkje minst har ein potensial til å nå ut til andre folk enn ein gjer i øvrige kanalar.
Les også: LinkedIn for bedrifter, kvifor det?
Riktig innhald til riktig målgruppe
Rådgjevar Jørn Mortensen i SIMAS.
Frå før nytta SIMAS kanalar som eigen nettside, Facebook og Instagram.
Men på LinkedIn vil dei snakke til andre folk, med anna type innhald:
– I dei fleste kanalane kommuniserer vi til abonnentane våre som privatpersonar, forklarer rådgjevar i SIMAS, Jørn Mortensen.
– Men på LinkedIn er det mogleg å treffe litt andre folk i eit litt anna modus. Journalistar, politikarar, statstilsette og liknande. Ikkje minst er det ein god plass å drive employer branding med tanke på rekruttering.
Dermed må dei óg tilpasse innhaldet. Dét er noko av det Gasta hjelper med.
Les også: Slik får du fart på LinkedIn
Ein liten dytt frå Gasta
SIMAS hadde lenge tenkt at LinkedIn kunne vere noko for dei, men visste ikkje heilt kvar dei skulle starte.
– Gasta gav oss ein dytt, og det var i grunn fint. Dei oppretta ein profesjonell profil og hjelpte med dei første innlegga. Slik kom vi i gang, og det blei ikkje berre noko vi snakka om å gjere, men noko vi faktisk gjorde, seier Mortensen.
I den nye kanalen informerer dei om kva som foregår i SIMAS, prosjekt og arrangement, korleis dei kommuniserer til innbyggjarane - kort og godt korleis dei jobbar for å nå visjonen “Ressursar på rett veg”. Det er altså mindre fokus på korleis ein sorterer avfall i kvardagen, og meir fokus på å setje SIMAS inn i ein større samanheng.
På kort tid har dei fått godt med engasjement på postane sine, og over 100 faste følgjarar som ønskjer å få jamnlege oppdateringar frå dei. Vi i Gasta gler oss til vidare samarbeid og å sjå kor ferda ber!