Squarespace vs WordPress?
Går du med tankar om nye nettsider, er val av publiseringsverktøy (CMS) viktig. Dei siste åra er det fleire og fleire som vurderer akkurat Squarespace eller WordPress.
Etter å jobba med DNN og WordPress, gjekk vi i 2013 over til Squarespace. Vi har utvikla over 600 nettsider basert på denne plattforma, og vi er framleis like entusiastiske og imponerte over eit verktøy som er nesten utan feil eller tekniske problem! Her finn du ein gjennomgang på dei viktigaste forskjellane mellom verktøya. Slik vi ser det!
VIKTIG: Dette er ingen “test”. Vi er veldig klare på at du kan lage gode nettsider i WordPress, og det er eit flott verktøy å jobbe i. Men det er forskjell i måten Squarespace og WordPress er bygd opp på, og under har vi plukka ut dei mest relevante forskjellane:
1. Konsept - Open source
WordPress er basert på opensource-kjeldekode og sjølve publiseringsverktøyet kan lastast ned gratis av alle. Så må ein kjøpe "plugins" for f.eks bildegalleri, skjema og anna funksjonalitet. I dag er det ca. 55.000 ulike plugins tilgjengeleg, men mykje er av dårleg kvalitet. Squarespace er eigd av Squarespace, utviklinga er styrt av Squarespace og all funksjonalitet er bygd inn i verktøyet. Eit klikk så har du tilgang til all funksjonalitet! Squarespace har mange fellestrekk med Apple. Brukarvennleg, tilstrekkeleg med funksjonalitet - og alt fungerer (Squarespace er gode på testing!)
2. Enkelt i bruk
Her er ingen ueinige: Squarespace er vesentleg enklare i bruk enn WordPress. Å legge til foto, video, lyd er enklare, og med "drag-and-drop" funksjonalitet er det veldig enkelt å byggje opp sider som ser bra ut. All funksjonalitet får du tilgang til i Squarespace ved å klikke på +-teiknet.
3. Fleksibilitet
Her vinn WordPress klart. Konseptet med ei gratis "kjerne" og plugins som kan koblast til, gjer systemet uhyre fleksibelt. Men vår erfaring etter meir 20 år i bransjen er at dei aller fleste vil få sine behov dekka i Squarespace. Og då er det lite interessant om WordPress har 1200 ulike bildegalleri-modular. Du vil jo som regel kun bruke ein, og dei som driftar webhotellet vil gjerne halde talet på plugins til eit minimum for at oppgraderingar skal vere enklare.
4. Sikkerheit
I og med at WordPress blir drifta av tusenvis av ulike webhotell og med tusenvis av ulike plugins som heile tida må vere oppdaterte, er sikkerheit kanskje den største "akilleshælen" til WordPress. Squarespace har sentral drifting, høg oppetid og alt er heile tida oppdatert. Følg med på status på drifta her.
5. Inline editering
Med Squarespace ser du heile nettsida du skal endre. Klikk på elementet, gjer endringar, dra og flytt. Med WordPress får du teksten i eige skjermbilde. Med siste versjon av WordPress får du litt av denne funksjonaliteten med å sjå heile nettsida og “drag & drop” der. Inline editering er kanskje det punktet våre kundar set størst pris på, ettersom du jobbar raskare og ser endringane omgåande.
6. Designmalar
Tilgang på designmalar (templates) er ikkje relevant for oss i Gasta. Vi utviklar eige tilpassa design for alle våre nettsider.
7. Nettbutikk
Her har WordPress meir funksjonalitet. Utan tvil. Men Squarespace har satsa hardt på nettbutikk dei siste åra og Squarespace eCommerce er veldig enkel å sette opp og bruke.
8. Blogging
WordPress har versjonering, slik at du kan "rulle" tilbake til ein eldre versjon av blogginnlegget. Det har ikkje Squarespace.
9. Søkemotoroptimalisering
Dette er området Squarespace har hatt mest fokus på dei seinare åra. All funksjonalitet for å få suksess på Google, er no lett tilgjengeleg og du treng hverken plugins eller vere ekspert. I januar 2019 gjorde Squarespace endringar på såkalla “trailing slash”. Dette har tidlegare gitt Squarespace-sider dårleg score på SEO-analysar, men dette er no justert. I 2018 kom også den viktige integrasjonen til Google Search Console i Squarespace. Med eit tastetrykk får du tilgang til alle data i Google Search Console inne i Squarespace!
10. Oppdateringar
Her er konseptet bak Squarespace heilt overlegent! Alt som har med drifting og oppdateringar blir teke hand om av Squarespace. Gjer f.eks Google endringar i sine algoritmar, kan du vere trygg på at Squarespace raskt tilpassar seg. Med WordPress må både kjerneprogramvara (WP) og ca. 55.000 plugins bli oppdaterte.
11. Nyheitsbrev
Etter GDPR opplever vi nyheitsbrev som ein meir effektiv kanal! Squarespace har nettopp (test)lansert nyheitsbrev-funksjonen integrert i verktøyet. Eit par tastetrykk så har du sett opp eit nyheitsbrev med link til dine siste blogg-innlegg. Enklare og raskare enn Mailchimp!
Konklusjon
Vi opplever at enkle og brukarvennlege løysingar som Squarespace passar veldig godt for dei fleste små- og mellomstore bedrifter eller organisasjonar.
Still deg gjerne tre spørsmål:
Kor mykje tid og kapasitet har din organisasjon til å oppdatere nettsida?
Kva funksjonalitet treng eg på nettsida?
Kva budsjett har du?