Nyheit: Squarespace Bio Sites for sosiale medium
Du har kanskje høyrt uttrykket “link i bio”? No har Squarespace laga ei løysing for nettopp dette.
På nokre sosiale medium, som Instagram og TikTok, kan ein ikkje dele ei lenke i innlegga ein publiserer. Her kan ein berre ha éi lenke i det heile, og den ligg synleg på profilen (bio’en) din. Dette er opphavet til uttrykket “link i bio”.
Eit døme: Gasta legg ut ein ny fagartikkel på nettsida vår. Denne vil vi dele med følgarane våre på Instagram. Sidan Instagram ikkje tillet lenke i innlegget vi postar, skriv vi “sjå link i bio” i posten, og oppdaterer lenka i profilen vår til å lede til den nye fagartikkelen.
Det kan vere strevsamt å heile tida skulle bytte ut denne lenka, spesielt om det er snakk om fleire plattformar. Det er her ein bio site kjem inn.
Kva er ein bio site?
Ein bio site er kort og enkelt ei landingsside som samlar alle lenker på ein plass. Du beheld den same lenka i profilen din på SoMe heile tida, så du slipp å oppdatere denne på kvar plass kvar gong.
Dette er altså ikkje ei fullverdig nettside, men kan vere fint som eit tillegg for Squarespace-brukarar som er aktive på sosiale medier.
Fordelar:
Heilt gratis
Enkelt å velje mal, raskt å sette opp
Samler alle lenker, brukaren slipp å leite
Kan lenke ut til kva som helst
Kjapt å oppdatere med nye lenker undervegs
Elegant visning på mobilskjerm
Ulemper:
Kun malbasert, begrensa val for design
Sender trafikken til bio.site/dittnamn i staden for til nettsida di (med mindre brukaren klikkar seg vidare)
Ser ikkje like bra ut på desktop (men dei fleste kjem til å besøkje den på mobil)