Kva kostar ei nettside?
Tja, ikkje enkelt å svare på, men vi har god erfaring med å kartlegge behov og gi deg ein fast pris på utvikling av ei nettside du kan vere stolt av. Under har vi sett opp prisindikasjonar. Basert på desse og dine behov skal vi raskt kunne gi deg ein pris.
kr. 25.000 - 35.000
Enkel
I oppstartsfasen? Kanskje du driv ein restaurant eller ei mindre bedrift med enkle behov? Då er dette prisklassen for deg. Vi tar utgangspunkt i ein designmal. Har du behov for integrasjon til andre system eller mykje innhald, må du hoppe vidare til neste prisklasse. Her vil vi kommunisere dine tenester tydeleg og legge til rette for at du kan jobbe vidare med innhald og søkemotor.
Teknisk er løysinga her som for dei neste to prisklassane; basert på trygge, driftssikre og brukarvennlege Squarespace CMS.
kr. 35.000 - 50.000 Standard
Her snakker vi spesialtilpassa design, og ofte sider på både norsk og engelsk. Vi legger inn timeressursar til analysar og informasjonsdesign, i tillegg til at våre tekstforfattarar kan jobbe med innhald. Her kan det ofte vere integrasjon til andre system, f.eks til bookingsystem. Her ligg det timar inne for at vi skal kunne jobbe med søkemotor, og vi legg t.d. inn metabeskrivelser for alle undersider.
Nettsidene er universelt utforma, og har du fokus på at mobilversjonen treng ekstra tilpassing, er dette prisklassen for deg.
kr. 50.000 - 100.000 Avansert
Dette er nettsider med mykje innhald, som regel for mellomstore bedrifter eller organisasjonar. Her er det ofte skreddarsydd funksjonalitet som t.d. nettbutikk, intranett eller integrasjon mot andre system. Her kan ligge inne timar til søkeordsanalysar i forkant og at vi jobbar saman om å få opp KPI’ar (mål) for nettside og måling av desse i etterkant, om det er auka konvertering, omsetning i nettbutikken eller anna.
I denne prisklassen leverer vi også nettbutikk, enten Squarespace sin eigen eller Shopify.
Har du eit nettsideprosjekt du vil diskutere?
Fyll ut ut skjema - og vi tar kontakt.
Ved å sende inn, godtek du vår personvernerklæring.