Berekraftfokus og pris til Lerum

Lerum tek berekraft på alvor og er gode på å kommunisere kva dei gjer. No har dei fått Plastløfteprisen!

I 2024 endra saft- og syltetøyprodusenten Lerum alle saftflasker og emballasjen rundt flaskene. Til saman har endringane ført til at dei har redusert plastforbruket sitt med 61 tonn.

For innsatsen har Lerum dei no fått tildelt Plastløfteprisen frå Grønt Punkt Norge. Imponerande!

Akkurat denne endringa for plastreduksjon var eitt av fleire tema vi i Gasta laga video om i 2023/24, som del av eit større prosjekt i to runder med berekraftskommunikasjon for Lerum.

I prosjektet fekk vi med oss fleire tilsette på kamera, og på videoen under ser du direktør Trine Lerum Hjellhaug som fortel om korleis ei lita endring kan gi stor effekt.

Vi i Gasta synest det er skikkeleg kjekt å jobbe med Lerum som tek berekraft på alvor og ikkje er redd for å fortelje verda om det på ein ekte og "nedpå" måte.

Det blir gjort mykje godt berekraftsarbeid i norske bedrifter, men ikkje alle er like gode på å fortelje om innsatsen dei gjer. Det er nettopp her god berekraftskommunikasjon kjem inn.

Sjå videoen “Ei lita endring som gir stor effekt”:

Les også:

Nytt videoprosjekt for Lerum: – Vi vil vise det ekte og ærlege

14.02.2024

Lerum har hatt suksess med videoane vi laga om berekraft i fjor. No er vi gang med nytt samarbeid om 10 nye kort-videoar.

Berekraftkommunikasjon for Lerum

27.10.2022

Korte videoar, tilpassa sosiale medium, viser konkrete eksempel på korleis Lerum jobbar med berekraft.

Ingvild Hagen

Ingvild er digital marknadsførar i Gasta design & kommunikasjon. Ho jobbar fast med mange av kundane våre, og er eksperten vår på digital annonsering.

ingvild@gasta.no

Neste
Neste

Kople skjema til Google Drive på nytt i Squarespace