Kople skjema til Google Drive på nytt i Squarespace
Alle skjema i Squarespace som bruker Google Drive må koplast opp på nytt innan 23. september 2024. Viss ikkje kan du miste viktig data.
Mange nettsider bruker skjema for å samle inn data, f. eks kontaktskjema eller påmeldingar til nyheitsbrev. Desse skjema kan ein velgje å kople til Google Drive. Fordelen med det, er at informasjonen då blir lagra i eit rekneark (Google Sheet) slik at det er enkelt å hente opp seinare.
Grunna endringar hos Google i september 2024, må alle slike skjema som lagrar svar i Google Drive, koplast til på nytt. Dette må skje innan 23. september. Viss ikkje vil Google Drive slutte å motta innsendingar frå skjemaa.
Merk at alle dette gjeld for, skal ha fått epost frå Squarespace med informasjon i månadsskiftet august/september. Har du ikkje fått epost, gjeld det ikkje deg.
Slik gjer du det:
Føretrekk du video? Sjå forklaring frå Squarespace her (på engelsk):
Steg 1 - Kople frå Google Drive
Det første du må gjere er å kople frå Google Drive:
Logg på Google Drive-kontoen din.
Klikk på tannhjulikonet øvst til høgre og velg “Settings” i rullegardinmenyen.
Klikk på “Manage Apps”.
Rull ned til “Squarespace”, og klikk på “Options”.
Velg “Disconnect from Drive” i rullegardinmenyen. Dette fjerner Google Drive frå alle skjemaer som er knytta til denne Google-kontoen.
Dette treng du berre å gjere éin gong.
Steg 2 - Kople til skjema på nytt
Kontaktskjema og/eller skjema for påmelding til nyheitsbrev:
Logg inn i Squarespace, gå til “Pages”. Finn riktig side i oversikten og klikk “Edit”.
Dobbeltklikk på skjemaet som har kopling til Google Drive. Velg “Storage” > “Google Drive”. Klikk “Disconnect” og deretter “Disconnect” igjen for å bekrefte.
Klikk “Connect” ved sida av “Google Drive”. Følg stegene for å logge på og kople til Google Drive.
Skriv inn eit namn for det nye reknearket du vil lagre innsendingar i. Det er diverre ikkje mogleg å bruke eit eksisterande rekneark.
Gjenta desse stega for alle skjema på sida og på alle sider som har slike skjema.
Skjema i ein pop-up:
Logg på Squarespace, gå til “Marketing” > “Marketing Tools” > “Promotional Pop-up”
Velg “Action” i venstrepanelet, klikk fana “Storage” og velg “Connect other services” for å sjå Google Drive.
Velg “Google Drive”, klikk “Disconnect” og deretter “Disconnect” igjen for å bekrefte.
Klikk “Connect” ved sida av “Google Drive”. Følg stega for å logge på og kople til Google Drive.
Skriv inn eit namn for det nye reknearket du vil lagre innsendingar i. Det er diverre ikkje mogleg å bruke eit eksisterande rekneark.
Gjenta desse stega for alle skjema på sida og på alle sider som har slike skjema.
Steg 3 - Send inn ein test
Vi anbefaler å sende inn eit testskjema for å vere sikker på at alt fungerer som det skal.
Ofte stilte spørsmål
-
Dette gjeld alle som har kopla eit skjema i Squarespace til eit rekneark i Google Drive.
-
Nei, endringane hos Google påvirker berre skjema som bruker Google Drive som lagringsalternativ.
-
Nei, innsendingar du har lagra frå før blir ikkje sletta. Men det er viktig at du koplar skjemaet til Google Drive på nytt innan 23. september 2024 for å unngå at du går glipp av nye innsendingar. Dei blir ikkje lagra med mindre du oppdaterer koplinga.
-
Ja. Når du koplar til igjen, skriv du inn eit nytt namn for eit nytt rekneark som blir automatisk oppretta i Google Drive. Det vil bli oppretta eit nytt rekneark sjølv om du skriv inn samme namn som det tidlegare dokumentet ditt hadde.