Flåmsbana

Nettside og fargepalett for Flåmsbana AS, ein unik turistmagnet i Sogn, med over 990.000 reisande i året!

Flåmsbana har blitt omtala som ei av verdas vakraste togreiser, og er mellom landets mest populære attraksjonar.

Selskapet hadde behov for å opplyse sine kundar om kvar dei kan kjøpe billettar, basert på ønska reiseruta. Formålet er å gi praktisk informasjon i forbindelse med planlegging av besøk, og sikre at sal av billettar går gjennom riktig distributør (Norways Best, Vy , Entur eller Fjord Tours).

No har Flåmsbana fått ei nettside som harmonerer godt med eigen profil og som tek brukar med inn i ei virtuell skildring av strekninga. Dei ulike billettypane er strategisk plassert i topp og ein svarar ut fleire av dei mest stilte spørsmåla på ei eiga underside.

– Vi er veldig nøgde med samarbeidet med Gasta om dette prosjektet. Gasta har vore svært flinke til å forstå våre behov og jobbe effektivt mot målet. Effektive prosessar har spart mange timar både i prosjektet og internt hjå oss som kunde, og gjort vegen frå bestilling til lansering kort.

Slik skildrar leiar for distribusjon og billettsal i Flåmsbana, Sindre Haugen Orvedal, arbeidet med den nye nettsida.

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Momas og Fosna

Neste
Neste

Enny