Momas og Fosna

To nettsider for sykkelmerka Momas og Fosna, begge produsert av E-wheels Norge.

E-wheels har ein stor nettbutikk der dei sel begge sykkelmerkene. No ønskte dei seg eigne nettsider for kvar av merkevara - mot ulike målgrupper. Ikkje direkte sal, men presentasjon av merka. Momas er syklar for “alle”, medan Fosna er eit meir high-end merke.

Ein effektiv prosess. Fargar, profil og webdesign var først utvikla for Momas, og då nettsida var lansert tok vi kopi av nettsiden og starta på design til Fosna.

Slik vart forhandlarsida med over til Fosna og trengde berre litt tilpassing. Smart og tidssparande!

Her har kunden vore god på å legge inn innhald og sykkeltypar - slike ting er ofte tidkrevjande når det er mange produkt. Kan vi fikse design og oppsett, kan kundane våre enkelt legge inn innhaldet sjølv.

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Romarheim

Neste
Neste

Flåmsbana