Karsten Warholm

Stor stas å få lage nye nettsider i Squarespace for verdas beste friidrettsutøvar.

Publikum kåra Karsten Warholm til den mest populære idrettsutøvaren i Norge i 2021. Men ikkje nok med det - det internasjonale friidretssforbundet kåra han óg til verdans beste friidrettsutøvar same år!

Vi i Gasta er stolte av å ha fått tilliten til å lage nettsidene til Karsten Warholm. Her er det viktig å finne ei god måte å presentere oppveksten og karrieren til utøvaren på. Her er både årstal og milepælar sentrale.

Vi har brukt dynamiske tidslinjer med fine bilde, der ein scrollar for å sjå milepælane. Presentasjonen gir eit stilreint inntrykk.

Warholm vaks opp på Garsholhaugen i Ulstein - ein nynorskkommune på Sunnmøre - så det er klart at det måtte bli nynorsk som målform på nettsida. For det er jo det Karsten sjølv skriv. Ikkje minst er sida “Om Karsten” skriven i “eg”-form, som ei helsing frå Karsten til lesaren.

 
 

Skreddarsydd design i Squarespace

Kunden valte Squarespace som publiseringsverktøy for si nye nettside, og la i prosessen stor vekt på at verktøyet er enkelt i bruk og gir rom for eit moderne og elegant design. Bli kjent med Squarespace her.

Vi takkar for godt samarbeid!

 
Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

ZERoh!

Neste
Neste

Innvik