Nettsider, visuell identitet og markedsføring for historisk hotell i den vakre vestlandsbygda Balestrand.

Kviknes hotel i Balestrand er eit av landets mest unike hotell. Familien Kvikne har hatt vertskapsrolla her sidan 1877.

Vi utvikla logo og visuell identitet i 2006. Denne er no blitt vidareutvikla. Logosymbolet, henta frå interiøret i den kjende Høyvik-salen, har fått ny plassering og fargepaletten er blitt endra.

Vi har óg vidareutvikla nettsidene. Dette er godt besøkte sider og er dei nettsidene i De Historiske som gir mest booking frå nettsidene, med booking-systemet Synxis tett integrert på sidene.

I webdesignet er det fokus på store bildeflater og bruk av luft i. Der dei gamle sidene hadde ein omfattande rullegardinsmeny, har desse nye sidene fått ein megameny med foto - som vi gir ein enkel struktur og god brukaroppleving, også på mobil og nettbrett.

Vi har óg hjelpt med digital markedsføring i form av innhaldsproduksjon og annonsering. Slik sikrer dei aktivitet i digitale kanalar og meir merksemd rundt nettsidene.

 

“Ta deg eit lite pusterom ved å rusle gjennom salongane og nyte godt av alt den kunstinteresserte og internasjonale hotellfamilien har samla gjennom generasjonar. Nyt naturen, fjella og Sognefjorden frå ein godstol i hotellhagen”.

Video: Rainer Kleive

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

West Mekan

Neste
Neste

FjordSlottet Hotell