FjordSlottet Hotell
Visuell identitet og nettsider for idyllisk hotell på Osterøy utanfor Bergen.
FjordSlottet Hotell er ei perle for gode opplevingar. Fokuset i prosjektet var å kombinere det tradisjonelle og historiske preget, med eit moderne og elegant uttrykk.
Fokuset for dei nye nettsidene var store bildeflater og ein enkel struktur, for å oppnå ei brukarvennleg oppleving! Nettsiden er basert på Squarespace, og har integrasjon til FjordSlottet sitt bookingsystem.
Ved utviklinga av den visuelle identiteten var det viktig å bevare den tradisjonelle følelsen og “sy den saman” med eit meir stilrent og moderne uttrykk. Fargepaletten er elegant og tidlaus.
Symbolet i logoen er også tiltenkt brukt åleine. Fontbruken og fargane balanserer det meir tradisjonelle opp i mot det moderne.